Máirtín Ó Cadhain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Martin O Cadhain)
Máirtín Ó Cadhain
Statsborgarskap Irland
Fødd 1906
An Spidéal
Død

18. oktober 1970 (64 år)
Dublin

Yrke skribent, litteraturkritikar, universitetslærar, prosaforfatter, omsetjar
Språk irsk
Medlem av Irish Republican Army
Ektefelle Máirín Ní Rodaigh
Signatur
Máirtín Ó Cadhain på Commons
Máirtín Ó Cadhain

Máirtín Ó Cadhain (190618. oktober 1970) var ein av dei mest framståande irskspråklege forfattarane på 1900-talet.

Han var frå Connemara, var irsk nasjonalist med band til IRA og språkaktivist. Han var internert av politiske grunnar frå 1942 til 1949. I si diktargjerning var han modernist og nytta eit vidt spekter av dialektar (til og med skotsk gælisk). Han skreiv utelukkande på irsk, i motsetnad til andre forfattarar frå dei irskpråklege områda, t.d. Liam Ó Flaithearta som skifta namn til O'Flaherty og språk til engelsk etter han slo i gjennom.

Ó Cadhain skreiv ei rekke noveller, dessutan tre romanar. Berre ein av romanane blei gjeve ut mens han levde; Cré na Cille i 1949. Boka er samtalar mellom gravlagde på ein kyrkjegard og er eit absurd bilete på livet på den irske landsbygda. Trass i at romanen er kjent som ei sentral bok i irsk litteratur, kom den fyrste omsettinga av boka til eit anna språk ikkje før i 1995. Det var til norsk (Kirkegårdsjord) ved Jan Erik Rekdal.

Fleire skrifter er blitt gjeve ut etter han døyde. Han var utdanna lærar og blei æresprofessor i irsk ved Trinity College i Dublin året han døyde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]