Martin Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 74°20′S 114°30′W
Martin Peninsula
halvøy
C74112s5 Ant.Map Martin Peninsula.jpg
Topografisk kart med skala 1:250.000 av Martin Peninsula.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 74°20′S 114°30′W
Administrert under Antarktistraktaten
Martin Peninsula is located in Antarktis
Martin Peninsula (Antarktis)

Martin Peninsula er ei halvøy mellom Getz isbrem og Dotson isbrem på kysten av Marie Byrd Land. Ho er kring 96 km lang og 32 km brei og er isdekt utanom nokre få klipper langs kysten. Ytst på halvøya ligg Jacobsen Head.

Ho vart kartlagd frå flyfoto teken av USN Operasjon Highjump i januar 1947. Ho vart namngjeve av US-ACAN etter oberst Lawrence Martin, som var ein amerikansk geograf og ekspert på utforskinga av Antarktis. Han var medlem av US-SCAN, 1943-46.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]