Martin Peters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Peters
Martin Peters.jpg
Fødd 8. november 1943
London

Martin Stanford Peters (fødd 8. november 1943) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå London som vart verdsmeister med England under VM i fotball 1966 på heimebane. Han spelte i manbge sesongar på London-klubbane West Ham United og Tottenham Hotspur.

Peters debuterte på West Ham påska 1962. Dei neste åtte åra var han ein drivande midtbanespelar/veng i West Ham, der han var lagkamerat med mellom andre Bobby Moore og Geoff Hurst. Han fekk likevel ikkje spele finalen i FA-cupen 1964 då West Ham sigra med 3-2 over Preston. Året etter var han sterkt delaktig då West Ham vann Cupvinnarcupen. I mars 1970 vart han overført til byrivalen Tottenham for rekordsummen 200 000 pund. Med Tottenham vann han ligacupen 1971 og 1973, i det mellomliggjande året vann laget UEFA-cupen. Etter nøyaktig fem år i Tottenham, gjekk turen til Norwich City og fem sesongar med klubben frå Aust-England.

Peters debuterte på England sitt landslag mot Jugoslavia på Wembley stadion i mai 1966. Med eit par gode kampar fekk han plass i VM-troppa. Frå og med andre kampen i fotball-VM 1966 hadde han fast plass på venstrevengen i den engelske lagoppstillinga. I VM-finalen gav Peters England leiinga 2-1, i ein kamp mot Vest-Tyskland som enda med 4-2-siger til heimelaget. Peters deltok også i fotball-VM 1970 i Mexico. Fram til 1974 spelte han 67 landskampar og skåra 20 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]