Martin Procházka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Martin Procházka (fødd 3. mars 1972) er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Slaný som i tida 1996-2001 vart firfaldig verdsmeister og i 1998 olympiameister med Tsjekkia sitt landslag i ishockey.

Høgrevengen Procházka var aktiv ishockeyspelar frå 1989 til 2012. Han spelte på Kladno i heimlandet periodane 1989-96, med unnatak for ein sesong i Dukla Jihlava, og 2003-10. I mellomtida og seinare gjorde han teneste i klubbar frå Sverige, Canada, USA, Russland og Tyskland. Hans einaste klubbtriumf kom då HC Vsetin i 1999 vart seriemeister i Tsjekkia.

Procházka hadde stor suksess som landslagsspelar for Tsjekkia. Han deltok i samtlege verdsmeisterskap åra 1995-2002 og vart verdsmeister i 1996, 1999, 2000 og 2001. I Ishockey-VM 1996 vart han matchvinnar i finalen mot Canada, sekundar før full tid. Under dei olympiske vinterleikane 1998 i Nagano bidrog han mykje då Tsjekkia tok seg til OL-finale mot Russland, der det vart siger 1-0.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]