Martin Quittenton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Quittenton
Fødd22. april 1945
Død16. april 2015
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar
Verka somgitarist

Martin Quittenton (19452015) var ein britisk gitarist og komponist.[1][2] Han spelte i bluesrockbandet Steamhammer, som vart skipa i 1968. Debutalbumet deira Steamhammer kom ut i 1969 med klaverspelaren Pete Sears som gjesteartist.

Quittenton arbeidde òg med Rod Stewart, i lag med Sears, Micky Waller og Steamhammer-gitaristen Martin Pugh.[3] I samarbeid med Stewart skreiv Quittenton dei internasjonale hitsinglane «Maggie May»[4] and «You Wear It Well» i tillegg til den britiske hiten «Farewell» frå Stewart-albumet Smiler i 1974.

I 1973 skipa Quittenton eit instrumentalt band med Sears, Manfred Mann-trommisen John Lingwood og klaverspelaren Max Middleton. Bandet kom seg aldri lenger enn til øvingslokalet.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Martin Quittenton». www.discogs.com. Discogs. Henta 30. mai 2018. 
  2. «Martin Quittenton». www.allmusic.com. Allmusic. Henta 30. mai 2018. 
  3. «The Rod Stewart Album». www.the-faces.com. The Faces. Henta 30. mai 2018. 
  4. Myers, Marc (23. oktober 2015). «Maggie May – A Song of Loss». The Wall Street Journal. s. D6. 
  5. «1970. Gasoline Alley». petesears.com. 12. juni 2015. Henta 30. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]