Martin Schanche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Schanche
SchancheHansen.jpg
Martin Schanche i samtale med den svenske rallycrosskøyraren Kenneth Hansen
Fødd 1. januar 1945 (78 år)
Trondheim
Yrke politikar, rallykøyrar, racerbilfører
Martin Schanche på Commons

Martin Schanche (fødd 1. januar 1945) er ein tidlegare norsk motorsportsutøvar. «Mister Rallycross» har vorte FIA europameister i rallycross seks gongar.

Martin Schanche debuterte i løpssamanheng i 1972, 27 år gamal. I 1975 tok han sølv i isbane-NM. Frå 1976 til 2001 køyrde han rallycross, og vart europameistar i 1978, 1979, 1981, 1984, 1991 og 1995.

Martin Schanche er fødd i Trondheim, men voks opp i Leirpollskogen i Tana i Finnmark. I dag er han busett i Drøbak i Frogn kommune i Akershus, saman med kona Birgit (frå Tyskland) og dottera Melissa. Han er kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet.

Ved kommunevalet i 2003 vart han kjent for å slå ned Ap-politikaren Torgeir Micaelsen då han under ein skuledebatt i Drammen kalla Schanche «feiging». Dette skapte mykje riksdekkjande merksemd. Denne merksemda gjorde Schanche til ein ofte parodiert karakter i radioprogrammet Petremorgen på NRK P3.

I desember 2016 gjorde Martin Schanche det kjent at den biologiske faren hans var tysk jagarflygar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]