Martin Sundby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Sundby


Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1984 (39 år)
Oslo
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 30 kilometer skiathlon menn, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018, Ski-VM 2021

Utmerkingar

Gullruten for beste programleder

Martin Johnsrud Sundby (fødd 26. september 1984) er ein norsk langrennsløpar frå Oslo som i 2011 og 2017 vart verdsmeister med Noregs lag i 4 x 10 km stafett, såleis òg olympisk meister i same øvinga så vel som i lagøvinga under Vinter-OL 2018. Han tok sølvmedaljen på 30 km i ski-VM 2013 og fekk bronsemedaljar på 15 km i verdsmeisterskapen på ski i 2011, og på 30 km under Vinter-OL 2014. I 2010 fekk han OL-sølv med Noreg, også det i stafetten over 4 x 10 km. Sundby, som er medlem av Røa Idrettslag, har i åra 2011-14 vunne fem NM-gull.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sundby debuterte i verdscupen i 2005 men utmerka seg ikkje før han i slutten av november 2007, saman med Jens Arne Svartedal, Tore Ruud Hofstad og Tor Arne Hetland gjekk det norske andrelaget inn til siger i verdscupstafetten på Beitostølen.

Den 30. november 2008 tok Sundby sin fyrste verdscupsiger, då han vann ein seig 15 km i klassisk stil i Kuusamo i Finland, framom Lukáš Bauer og Sami Jauhojärvi.

I 2010 deltok Sundby i vinter-OL i Vancouver i tre øvingar. Han lukkast ikkje å hevde seg i dei individuelle renna, 18. plass på 30 km var hans beste prestasjon. På 4x10 kilometer stafett gjekk han opningsetappen for Noregs lag som tok sølv.

Sundby kom på femteplass på 30 km duathlon i Ski-VM 2011 i heimbyen Oslo. Han tok deretter tredjeplassen og bronsemedaljen på 15 km to dagar seinare. Sundby gjekk atter fyrste etappen for Noreg på stafetten over 4x10 km. Han tapte 22 sekund til Russland og Sverige, men vart verdsmeister då Petter Northug avgjorde stafetten for Noreg.

I ski-VM 2013 i Val di Fiemme tok Sundby leiinga på 30 km duathlon vel halvvegs ut i løpet. Trass i at han vart henta inn ikring fem kilometer seinare, makta han å vere med i innspurten. der han måtte sjå seg slått av vinnaren, Dario Cologna, med 1,8 sekund. Hans landsmann Sjur Røthe fekk bronsen.

Sesongen 2013/14 vann Sunndby ein såkalla «minitour» i Finland, før han ved nyårstid sigra i «Tour de ski» framom landsmannen Chris Jespersen. Under vinter-OL i Sotsji i februar 2014 gjekk Sundby inn til bronsemedalje på opningsdistansen 30 km fellesstart.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

# Dato Stad Øving
1 30. november 2008  Finland Kuusamo 15 km (K)
2 24. november 2012  Sverige Gällivare 15 km (F)
3 1. desember 2013  Finland Kuusamo «Mini-Tour»
4 5. januar 2014  Tyskland  Sveits Italia «Tour de ski»

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]