Martin i Slovakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin
Sentrum av Martin
Sentrum av Martin
Flagget til Martin Byvåpenet til Martin
Flagget til Martin Byvåpenet til Martin


Plassering
Martin i Slovakia is located in Slovakia
Styresmakter
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Kraj Žilina kraj
Først nemnd i 1264
Borgarmeister Andrej Hrnčiar
Geografi
Flatevidd
 - By

67,736 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

59 014
  871,2 /km²
Koordinatar 49°03′54″N 18°55′19″EKoordinatar: 49°03′54″N 18°55′19″E
Høgd over havet 395 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 036 01
Retningsnummer (tlf) +421-43
Bilnummer MT
Nettstad: www.martin.sk

Martin (fram til 1950 Turčiansky Svätý Martin, ungarsk Turócszentmárton, tysk Turz-Sankt Martin, latinsk Sanctus Martinus/ Martinopolis) er ein by nord i Slovakia ved elva Turiec nedanfor fjella Vesle Fatra og nær byen Žilina. Han har om lag 60 000 innbyggjarar og er den åttande største byen i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå andre halvdel av 900-talet til 1918 var Martin ein del av Kongedømet Ungarn. Den første skriftlege kjelda som nemner Martin er frå 1264, då byen vart omtalt som Zenthmarton. Busetnaden vekk status som fri kongeleg by i 1340.

På det urolege 1400-talet vart Martin råka av fleire katastrofar. Husittar gjekk til åtak på byen i 1433 og brende han ned. Berre ti år etter vart han øydelagd igjen av eit jordskjelv, og Martin vart nedgradert frå fri kongeleg by og vart så direkte styrt av familien Révay.

Sidan 1700-talet vart Martin senter i Turóc fylke.

Byen vart det fremste slovakiske kultursenteret på 1800-talet. Fleire kulturinstitusjonar (som Matica slovenská og Det slovakiske nasjonalmuseet) vart grunnlagd her. Dei fleste politiske aktivitetane til den slovakiske nasjonale frigjeringa på 1800-talet og tidleg på 1900-talet, vart organisert frå Martin. Byen vart òg industrialisert i denne perioden. Det første trykkeriet vart bygd her i 1869, og i 1890 kom møbelfabrikken Tatra nábytok.

Byen vart mindre viktig etter at Pressburg (dagens Bratislava) vart hovudstad i Slovakia i 1919. I dag ligg Det slovakiske nasjonalbiblioteket og Matica slovenská her.

Det slovakiske nasjonalrådet erklærte Martin senteret for nasjonalkulturen til slovakane den 24. august 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]