Martina Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martina Beck

Martina Beck (fødd Martina Glagow, (fødd 21. september 1979) i Garmisch-Partenkirchen i Bayern i Tyskland) er ein tysk skiskyttar. Ho er verdsmeister på jaktstart frå VM i Khanty-Mansijsk i 2003 og vann verdscupen samanlagt i 2002/03-sesongen.

Alt som junior vart Glagow fire gonger verdsmeister. Gjennombrotet som senior kom i VM i Pokljuka i 2001, då ho kom på andreplass på fellesstarten. 2002/03-sesongen vart den største sesongen hennar so langt, då ho først vart verdsmeister på jaktstart i VM i Khanty-Mansijsk, og så vann verdscupen samanlagt, som første tyske kvinne.

Ved VM i Hochfilzen i 2004 vart ho òg beste tyske kvinne, med sølv på jaktstart og bronse på sprint og stafett. I 2005 kunne ho ikkje delta i VM i Hochfilzen grunna sjukdom. Ho var med på det tyske laget til OL i Torino i 2006, der ho tok tre sølvmedaljar. Ho bur i Mittenwald, nær Garmisch-Partenkirchen.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]