Martina Ertl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martina Ertl
Fødd 12. september 1973
Bad Tölz
Yrke alpinist

Martina Ertl (fødd 12. september 1973), gift Ertl-Renz i 2005, er ein tysk tidlegare alpinist frå Lenggries i Bayern som vann to gullmedaljar i VM i alpine greiner, i høvesvis kombinasjonen i 2001 og i lagtevlinga i 2005. Ho vart nummer to i verdscupen i alpine greiner i både 1996 og 1998.

Ertl tok bronsemedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1993 i Morioka i Japan. Ho fekk sitt definitive gjennombrot i 1994-sesongen med OL-sølv på Lillehammer og sin fyrste verdscupsiger på tampen av sesongen i Vail i USA, storslalåm-tevlingar begge.

Under VM i alpine greiner 1996 kopierte ho prestasjonen i storslalåm frå forrige VM og tok ein ny bronsemedalje. Dei neste åra tok ho meisterskapsmedaljar i kombinasjonsgreina; fyrst OL-sølv i 1998, deretter VM-gull i St. Anton i 2001 og OL-bronse i 2002. I 2005 var ho med på Tysklands lag som vann lag-tevlinga i alpint-VM i Bormio. Både ho og den to år yngre broren Andreas Ertl var sentrale på laget, som saman med Hilde Gerg, Florian Eckert, Felix Neureuther og Monika Bergmann sikra tysk gull.

Både i 1996 og 1998 enda Ertl på andreplassen i verdscupen i alpine greiner, begge gongane måtte ho sjå seg slått av landskvinna Katja Seizinger. I begge dei to nemnde sesongane vann Ertl pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen i alpine greiner. Mellom 1994 og oktober 2003 sigra ho i 14 verdscuprenn i tre ulike øvingar. 57 gongar stod ho på sigerspallen.

Ertl vann 13 tyske skimeisterskap. Ho la opp i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar