Martina Strutz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martina Strutz


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 4. november 1981 (42 år)
Schwerin
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Martina Strutz

Martina Strutz (fødd 4. november 1981) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Schwerin i Mecklenburg som tevla i stavhopping. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både ved verdsmeisterskapen 2011 og europameisterskapen 2012.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Strutz tangerte sitt personbeste på 4,50 m og vart nummer fem då ho deltok i europameisterskapen 2006. Ho forbetra den personlege rekorden til 4,52 m i 2008, men den store framgangen kom i 2011-sesongen. Den 12. juli sette ho tysk rekord med 4,78 meter i eit stemne i Karlsruhe. Deretter vart ho tysk meister i Kassel med eit hopp på 4,65 m, framom Silke Spiegelburg. Under verdsmeisterskapen i Daegu den 30. august 2011 svinga Strutz seg over 4,80 m, dermed vann ho sølv og forbetra landsrekorden.

Ved europameisterskapen i Helsinki 30. juni 2012 sikra Strutz seg ein ny sølvmedalje i stavhopp ved å gå over 4,60 m i andre forsøk. Under dei olympiske leikane i London same året enda ho på femteplassen. I 2013 vann Strutz stavtevlinga i den tyske meisterskapen for andre gong og i 2016 for tredje gong.

Våren 2017 vart Strutz skulderskadd i ei trafikkulukke og kom ikkje tilbake på same nivå i 2018.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Martina Strutz