Martine Aurdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martine Aurdal
Fødd 17. september 1978
Oslo
Yrke journalist, redaktør
Mor Eva Vinje Aurdal
Ektefelle Erling Fossen

Martine Aurdal (fødd 17. september 1978 i Oslo) er ein norsk feminist, journalist, forfattar, føredragshaldar, skribent og møteleiar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aurdal er dotter av Eva Vinje Aurdal (lærar og politikar) og Leon Aurdal (høgskuledirektør). Ho er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo, med faga engelsk, statsvitskap, kjønn og samfunn, medievitskap og politisk analyse.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho er leiar for samfunnsavdelinga i Dagbladet. Aurdal er[treng kjelde] også medprogramleiar i prateprogrammet Studio 5fjernsynskanalen FEMTV Norge. I tillegg arbeider ho som forfattar, føredragshaldar, skribent og møteleiar. Ho er fast spaltist i Magasinet frå Dagbladet, Sykepleien og Forsvarets Forum. Aurdal er ein aktiv samfunnsdebattant, særleg når det gjeld feministiske, politiske og internasjonale spørsmål.

Aurdal har jobba som journalist i mellom anna NRK, Klassekampen, Aftenposten, Ullern Avis/Akersposten, og som redaktør av Samfunnsviter'n.

I 2004 deltok Aurdal i oppstarten av det feministiske tidsskriftet Fett, og var politikk- og debattredaktør der.

I 2005 vart ho tilsett som kronikk- og debattredaktør i Ny Tid. Ho vart konstituert som ansvarleg redaktør 23. mars 2006, etter at Dag Herbjørnsrud trekte seg frå stillinga av omsyn til familien. Aurdal vart fast tilsett 19. mai 2006, og vart då den yngste sjefredaktøren i Presse-Noreg. Ho trekte seg samtidig frå stillinga i Fett. 2. januar 2008 vart det meld at jobben hennar i Ny Tid ville opphøyre 1. februar som følgje av at Mentor Medier vart nye eigarar.

Tidlegare har Aurdal sete ei årrekkje i styret til Norsk Tidsskriftforening og i styret til Oslo Byforum. I Oslo Byforum var ho styreleiar i to år, fram til nyttår 2005. Aurdal stilte til val for Oslo Byaksjon ved kommunevalet i 2003.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Privat er Aurdal gift med forfattar og samfunnsdebattant Erling Fossen, og bur på Bislett i Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Aurdal skreiv i 2006 boka Siv. Portrett av en formann om formann i Framstegspartiet, Siv Jensen, utgjeve på Kagge forlag.

I 2006 var ho bidragsytar til antologien Rosa Prosa, utgjeven på Gyldendal Norsk Forlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]