Martine Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martine Lunde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1996 (28 år)
Oslo
Yrke influensar, youtubar, realitydeltaker, programleiar
Språk norsk
Medlem av Splay Norge
Partnar Aleksander Sæterstøl

Martine Lunde Aarsrud (fødd 17. februar 1996) er ein norsk influensar og reality-TV-deltakar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lunde er influensar, og driv med sosiale medium på heiltid.[1] Lunde driv òg YouTube-kanalen «Martine Lunde», som per januar 2019 hadde ca. 45 000 abonnentar.[2] Tidlegare dreiv ho YouTube-kanalen «Isabelle & Martine» saman med venninna Isabelle Eriksen, og då denne vart lagt på is sommaren 2018 hadde han ca. 63 000 abonnentar.[3][4]

Ho deltok i realityserien Paradise Hotel i sesong 9, og stakk av med sigeren saman med partnaren Kevin René Gustavsson. Under «troskapstesten» valde Lunde å sleppa kulen på 50 000 kr, noko som gjorde at ho åleine vann denne premien, i staden for at ho og Gustavsson kunne dela 300 000 kr. Ho valde seinare å dela med venninna Isabelle Eriksen og kjærasten Aleksander Sæterstøl, slik at dei alle tre fekk 100 000 kr kvar.[5][6]

TV[endre | endre wikiteksten]

Martine var programleiar for første sesong av Glow Up. Det er eit program som fokuserer på ulik typar sminke. I programmet var Dajana Tomanovic domar på kvart program. Det var òg ulike gjestedommarar i kvar episode.[7]

Både Martine og kjærasten Aleksander har vore hovudpersonar i dokusåpa Bloggerne.[8]

Ho var med i tredje sesongen av Farmen Kjendis, som gjekk på TV 2 frå januar 2019.[9] Ho var òg med i TV 2-programmet Skal vi danse i 2018, og enda på tredjeplass.[10]

Martine vil bli politi[endre | endre wikiteksten]

I mars 2021 kom det ein serie om at Lunde fekk opplæring i å bli politi i 11 dagar. Serien vart publisert på TV 2 Play. Det vart kritisert av politistudentar før serien byrja. Dei reagerte på at Martine fekk komma inn på politihøgskulen, medan dei sjølv måtte ha undervisning heime. Politihøgskolen ønskte å auka rekruttering og forståing for vidareutdanning i politiet. Lunde sa at ho hadde fått mange positive kommentarar frå politistudentar.[11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Instagram-stjerne sjekker inn på 'Paradise Hotel'». Dagbladet. 17. mars 2017. Henta 8. juni 2018. 
  2. «Martine Lunde». YouTube. Henta 13. januar 2019. 
  3. «Isabelle & Martine». Influencer Wiki. Arkivert frå originalen 10. juni 2018. Henta 10. juni 2018. 
  4. «Sannheten». Martine Lunde. 22. august 2018. Henta 13. januar 2019. 
  5. «Hvorfor slapp jeg kula?». martinelunde.blogg.no. 
  6. «Dramatisk finale i «Paradise Hotel»: - Jeg hadde bestemt meg for at den kula skulle i bakken». Dagbladet. 1. juni 2017. Henta 13. januar 2019. 
  7. «Glow up» (på norsk). Henta 14. august 2021. 
  8. Solberg, Julie (27. august 2020). «Martine Lunde i sorg etter kjærestens triste beskjed: - Redd for at det samme skal skje med meg» (på norsk). Henta 14. august 2021. 
  9. «Dette er de nye 'Farmen'-kjendisene». seher.no. 26. mai 2018. Henta 13. januar 2019. 
  10. «Martine Lunde (22) er ute av Skal vi danse». TV 2. 10. november 2018. Henta 13. januar 2019. 
  11. Grindem, Karianne (12. mars 2021). ««Hun får kjenne på hvordan det er å være politi. I mellomtiden sitter vi som har kommet oss gjennom opptaksprøvene og er politistudenter hjemme.»» (på norsk). Henta 14. august 2021. 
  12. «Martine vil bli politi». Henta 8. september 2021.