Ola Martinus Høgåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Martinus Høgåsen)

Ola Martinus Høgåsen (fødd 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var ein norsk lærar, bygdegranskar, forfattar og politikar for Arbeidarpartiet. Høgåsen vart fødd i Grue i Hedmark og var av norsk-finsk-svensk ætt.[1] Han gjekk lærarskulen i Oslo 1919-1921, tok lærarhøgskulen 1926-1927 og hadde stipendferd til Sverige og Finland i 1938.[2] Han var tilsett som lærar i Nord-Fron mellom 1921 og 1938, og frå 1939 til han gjekk av med pensjon var han lærar, kyrkjesongar, skuleinspektør og skulestyrar i Vågå.[1]

I krigsåra var han aktiv motstandsmann alt frå byrjinga av, og då kongen, kronprinsen og regjeringsmedlemane kom til Sandbu i aprildagane 1940 fylka Høgåsen ein vaktstyrke. Grunna motstandsarbeidet mista han jobben ved Vågåmo skule i 1941, og vart internert på Jørstadmoen leir. Seinare sat han òg ei tid i Oslo Distriktsfengsel. Frå mai 1943 og fram til frigjeringa budde han i Skjåk.[3]

Som aktiv lokalpolitikar og organisasjonsmann var Høgåsen mykje med i målstrev, ungdomsarbeid og i det politiske livet. Han sat mellom anna som varaordførar i Nord-Fron i seks år, og var ordførar i Vågå frå 1946 til 1952. Høgåsen var òg medlem av styret i Noregs Mållag i perioden 1939-1955. Attåt det politiske arbeidet gav han ut tri diktsamlingar og fleire barnebøker. Som forfattar stod han mellom anna bak den fyrste attdiktinga av Internasjonalen til nynorsk, prenta i diktsamlinga Kolbein sterke og andre kvæde i 1929.[4] I 1940 vart han påskjøna med Melsom-prisen for barneboka Mat for Mons. Høgåsen var òg medarbeidar i bokverka Norske Gardsbruk, Norsk Allkunnebok og Norsk Ordbok.[1] Frå 1945 sat han som skriftstyrar for «Årbok for Gudbrandsdalen».[5]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Vårbekk vaknar, dikt 1923
  • Kolbein sterke og andre kvæde, dikt 1929
  • Mat for Mons 1939 (Melsom-prisen)
  • Mannen i månen 1942
  • Håkå i Haug og andre barneeventyr 1943
  • Breste bogeskyttar og andre eventyr 1948
  • Syng med oss [1953] (redaktør)
  • Pelle Ping-Pang og andre eventyr 1955
  • «Foraktet av de store, men elsket av de små» 1961
  • Skrinet med det rare i, barnedikt 1964 og 1999

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hosar, K. (1999). Eit kulturmenneske frå skogane i aust. I K. Skullerud (Red.), "Århundrets døler". Lillehammer: Thorsrud, Lokalhistorisk forl.
  • Reinton, L. (1954) Høgåsen, Ola Martinus. I Norsk allkunnebok. VI. bandet. Oslo: Fonna Forlag

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hosar, K. (1999), s. 102
  2. Reinton, L. (1954), s. 515
  3. Hosar, K. (1999), s. 102-103
  4. Arbeiderhistorie: årbok for Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. 2013. Oslo: Universitetsforl. 2013. s. 51. 
  5. Reinton, L. (1954), s. 516