Martinus J.G. Veltman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martinus Justinus Godefriedus Veltman
Martinus Veltman.jpg
Fødd 27. juni 1931 (85 år)
Waalwijk i Nederland
Nasjonalitet Nederlandsk
Yrke theoretical physicist, universitetslærar
Institusjonar Utrecht University
University of Michigan
Alma mater Universitetet i Utrecht
Doktorgradsrettleiar Léon Van Hove
Doktorgradsstudentar Gerardus 't Hooft
Medlem National Academy of Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Martinus J.G. Veltman (fødd 27. juni 1931 ) er ein nederlandsk fysikar. Veltmann er kjent for pionerarbeidet sitt med renormalisering av gaugeteoriar. Som nyutnemnd professor ved Rijks Universiteit utvikla han eit dataprogram, Schoonship, som utførte algebraiske forenklingar av dei kompliserte uttrykka som alle kvantefeltteoriar resulter i når ein vil gjere utrekningar. Ved hjelp av dette programmet blei det mogeleg å verifisere de resultata som studenten hans Gerardus 't Hooft hadde kome fram til, og saman utarbeidde dei ein detaljert utrekningsmetode som mellom anna gjorde det mogeleg å rekne ut massen til toppkvarken.

Veltman vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999, saman med 't Hooft, for sine avgjerande innsatser innan kvantestrukturen til teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken.

Han tok doktorgrad i fysikk ved universitetet i Utrecht i 1963, der han òg var professor i perioden 1966–81. Han var òg professor ved University of Michigan frå 1981 og fram til han gjekk av med pensjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]