Martinus Sivertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martinus Sivertsen
Fødd 16. mars 1849
Orkdal
Død

23. juli 1931

Yrke politikar, kjøpmann, fyrvaktar

Martinus Nikolai Sivertsen (16. mars 18491930) var ein norsk handelsmann, dampskipsekspeditør, postopnar, fyrvaktar, offiser og politikar for partiet Venstre. Han var frå Orkdal.

Far til Sivertsen var gardbrukar på Skjølberg i Orkdal og kyrkjesongar. Sjølv gjekk han amtsskulen 1876-77 og var krambudreng på Hitra i fem år. Sidan var han handelsstyrar i Frøya i femten år og handelsmann same staden i fjorten år. Også gardbrukar på Svellingen i Frøya. I tillegg til handel og gardsdrift var han dampskipsekspeditør i 27 år og postopnar i 29 år. Frå 1908 var han fyrvaktar på Agdenes.

Sivertsen var 1886-1908 medlem av heradsstyret i Frøya, ordførar i tolv år. Han hadde fleire lokale verv, mellom anna forlikskommissær.

Sivertsen var stortingsrepresentant for partiet Venstre frå Søndre Trondhjems amt i perioden 1904-06, og frå Ytre Fosen i periodane 1907-12, 1916-21. De to fyrste valperiodane og i den siste valperioden var han medlem av sosialkomiteen, i de to andre av militærkomiteen og gasje- og pensjonskomiteen.

Sivertsen vart tildelt 7. juni-medaljen. Han var æresmedlem i Norges Fyrvokterforening og Sør-Trøndelag fiskerlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914