Martti Miettunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martti Miettunen
Martti-Miettunen.jpg
Fødd 17. april 1907
Simo
Død

19. januar 2002
Grankulla

Yrke politikar
Martti Miettunen på Commons

Martti Juhani Miettunen (17. april 190719. januar 2002) var ein finsk byråkrat og politikar frå Simo i Lappland, medlem av Centerpartiet. Han var Finlands statsminister i to periodar; 14. juli 1961 til 13. april 1962 og på ny frå 30. november 1975 til 15. mai 1977.

Gjennom 1950-åra var Miettunen med i fleire regjeringar, og var både samferdsleminister, landbruksminister og finansminister. Frå 1958 til 1973 var han landshøvding i Lapplands län. Miettunen danna sommaren 1961 ei mindretalsregjering med statsrådar frå Agrarförbundet (Centerpartiet). Seinare var han i 1968-70 landbruksminister.

Etter ei langvarig regjeringskrise i Finland danna Miettunen 30. november 1975 ei flertalsregjering bestaande av Centerpartiet, Socialdemokraterna, Svenska folkpartiet, Liberala folkpartiet og Demokratiska Förbundet för Finlands Folk (DFFF). Sosialdemokratane og venstreorienterte DFFF forlet regjeringa hausten 1976, så 29. september 1976 danna Miettunen ei mindretalsregjering med representantar frå Centerpartiet, Svenska folkpartiet og Liberala folkpartiet. Regjeringa gjekk av 15. mai 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]