Martti Vainio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martti Vainio


Statsborgarskap Finland
Fødd 30. desember 1950 (73 år)
Veckelax
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976

Martti Olavi Vainio (fødd 30. desember 1950) frå Veckelax er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på langdistansane. I 1978 vart han europameister på 10 000 meter under EM i Praha. Fire år seinare vann han bronsemedaljen på same distansen under EM i Aten, medan han under VM i 1983 tok bronsemedaljen på 5 000 meter.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Vainio fekk bronsemedaljen på 5000 m under den finske meisterskapen i 1974. To år seinare tok han sølv på 10 000 m på tida 28.19,2, Pekka Päivärinta vart finsk meister med 28.18,6. Begge vart då uttekne til Sommar-OL i Montreal, der Vainio rauk ut i kvalifiseringa på mildistansen.

I 1977 vann Vainio gullmedaljen på 10 000 m i den nasjonale meisterskapen og fekk bronsen på 5000 m. Året vart han dobbeltmeister då han vann både 5- og 10 000 m. Under europameisterskapen 1978 spurta han frå italienske Venanzio Ortis på oppløpssida og vann på ei glitrande god tid; 27.30,9. På 5000 m enda Vainio på sjetteplass med tida 13.29,7.

Etter å ha vort nummer tre på 10 000 m i den finske meisterskapen 1979, kom Vainio sterkt tilbake i OL-sesongen 1980 og vart som i 1978 nasjonal dobbeltmeister på dei lange distansane framom sterke Kaarlo Maaninka. Men under sommarleikane 1980 hamna Vainio langt bak teten både på 5- og 10 000 m.

Under friidretts-EM 1982 tapte han på 10000 m i spurten for italienaren Alberto Cova og austtyske Werner Schildhauer og måtte ta til takke med ein bronsemedalje. På 5000 m kom han i mål på 13.33,6 og vart åttandemann. I den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, avvikla på finsk heimebane i 1983, tok han bronsemedaljen på 5000 m og kom på fjerdeplass på 10 000 m.

Ved OL i 1984 passerte Vainio målsnøret som andremann på 10 000 meter, men vart avslørt for bruk av anabole steroidar, og mista sølvmedaljen.[1] Tidlegare same året hadde han testa positivt under Rotterdam Maraton, eit funn som vart løynt. Opphavleg vart Vainio utestengt på livstid, men etter at det finske friidrettsforbundet anka avgjerda vart utestenginga redusert til 18 månader.

Vainio kom tilbake i 1986 og vart under EM høvesvis nummer fem på 5000 m og nummer sju på 10 000 m. Ved VM i 1987 i Roma var han i ferd med å fullføre ein heller svak 10 000 meter, men gav seg ei runde før mål, då funksjonærane gav han teikn på at han var komen i mål.

Vinnartida frå EM i 1978, 27.30,9 minuttar, er framleis finsk rekord og meisterskapsrekord. På 5000 m har Vainio ein personleg rekord på 13.20,0 (1983).

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. news24.com: «Olympic doping's list of shame», arkivert frå originalen 24. august 2004, henta 18. mai 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]