Martyralleen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martyralleen
Şəhidlər Xiyabanı
gravplass og minnesmerke
Martyralleen med offera etter Svart Januar.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Aserbajdsjan
by Baku
Koordinatar 40°21′28.5″N 49°49′37.5″E
Grunnlagd 19. januar 1990
Styre Den aserbajdsjanske regjeringa
Kart
Martyralleen
40°21′29″ N 49°49′38″ E
Wikimedia Commons: Martyrs' Lane, Baku

Martyralleen eller Şəhidlər Xiyabanı (tidlegare Kirovparken) er ein gravplass og minnesmerke i Baku i Aserbajdsjan tileigna dei som vart drepne av den raude armeen under Svart Januar og seinare til dei som vart drepne i Nagorno-Karabakh-krigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I tida etter fyrste verdskrigen braut det ut kampar som følgje av den russiske borgarkrigen. Fire grupper kjempa om kontroll over Baku-området då Det russiske imperiet kollapsa. Dei som kjempa mot kvarandre var bolsjevikane, mensjevikane, armenarar og aserbajdsjanarar. Mange vart drepne i kampane, inkludert menn frå ein liten britisk styrke som vart sendt for å hindre at Baku fall til osmanarane eller tyskarane.[1]

Staden var opphavleg ein tidlegare muslimsk gravplass, der dei gravlagde var offer for marsdagane i 1918, som var ein del av dei lokale kampane i den russiske borgarkrigen.[2][3]

Gravplassen vart fullstendig øydelagd og lekamane flytta frå staden etter at bolsjevikane kom til makta. Dei skapte ein underhaldningsplasse på staden og sette opp ein statue av Sergej Kirov, ein høgtståande bolsjevikleiar.[4] Etter at Sovjetunionen kollapsa vart statuen og underhaldningsparken fjerna og staden vart igjen nytta som gravstad for nasjonale heltar.[5] Somme av dei første mennene som vart æra med det nye minnesmerke var dei som døydde under Svart januar i 1990 då sovjetiske styrkar invaderte Baku.[2]

Minnesmerket vart igjen nytta for dei som døydde i Nagorno-Karabakh-krigen, ein armert konflikt som fann stad frå februar 1988 til mai 1995 i den vesle enklaven Nagorno-Karabakh sørvest i Aserbadsjan, mellom dei etniske armenarane som var majoriteten i Nagorno-Karabakh med støtte av Armenia, og Aserbajdsjan.[2]

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Det er estimert at kring 15 000 menneske er gravlagd på gravplassen. Han ligg på ein ås sør i byen med utsyn over Kaspihavet. Tusenvis vitjar heilagdomen for å ære dei som gav livet sitt for aserbajdsjansk sjølvstende.[6]

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Den evige flammen ved Martyralleen, ofte dekt av gravkransar, vert ofte vitja av statsleiarar som vitjar Baku.[7]

Ved Martyralleen er det òg gravlagd 1130 tyrkiske soldatar som vart drepne då dei kjempa mot bolsjevikane og armenarane i slaget ved Baku i 1918. Ved sidan av minnesmerke ligg Martyrmoskeen, òg bygd av tyrkarane.[8] Minnesmerke er ei sekskanta blokk kledd i raud granitt og på kvar side ein halvmåne og ei stjerne i kvit marmor frå det tyrkiske flagget.[9]

Ikkje langt frå det tyrkiske minnesmerket står ein liten mur til minne om dei britiske soldatane som mista livet i same konflikten.[5][1]

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Av kjende personar som ligg gravlagd på gravlpassen er journalistane Chingiz Mustafayev and Salatyn Asgarova, som vart drepne i Nagorno-Karabakh-krigen.[10]

Den første grava langs sjølve Martyralleen høyrer til ekteparet Fariza og Ilham Allahverdijev som døydde under Svart Januar. Dei hadde begge flykta frå Nagorno-Karabakh-krigen til Baku, då Ilham vart skoten av sovjetiske soldatar. Då Fariza fekk høyre at mannen hennar var død tok ho livet sitt etter to forsøk.[11][12] I dag er grava deira eit symbol for aserbajdsjanarane på truskap og kjærleik.[13]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «History denies Baku heroes a memorial». The Times. 14. januar 2003. Henta 11. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Şəhidlər xiyabanı ziyarət edilib». islammektebi.org. 18. januar 2010. Arkivert frå originalen 26. juli 2011. Henta 4. april 2012.  (aserbajdsjansk)
  3. «Baku Attractions: Martyrs Lane». simplebaku.com. 2010. Arkivert frå originalen 28. desember 2008. Henta 4. april 2012. 
  4. «Память об утратах и азербайджанское общество». sakharov-center.ru. 2010. Arkivert frå originalen 10. mars 2011. Henta 4. april 2012.  (russisk)
  5. 5,0 5,1 Peuch, Jean-Christophe (20. september 2003). «Azerbaijan: Planned British War Memorial Raises Hackles». NetNative. Payvand's Iran News. Henta 11. april 2012. 
  6. «QARA YANVAR: Tragedy of January 20 Remembered». zerbaijan.com. 2010. Henta 11. april 2012. 
  7. «На Аллее Шехидов в Баку вновь зажегся Вечный огонь05.11.2007 20:35». mirtv.ru. 11. mai 2007. Arkivert frå originalen 17. april 2013. Henta 25. mars 2010.  (russisk)
  8. «Azerbaijan closes Turkish mosque in Baku: Report». Sitemiz AA, CÄ°HAN ve Reuters abonesidir. 26. april 2009. Henta 11. april 2012. 
  9. «Memorial for Turkish Martyries and territorial planning project, Baku-Azerbaijan 1999». utm.com.tr. 2010. Arkivert frå originalen 2. januar 2019. Henta 25. mars 2010. 
  10. Təsisçilər Şurası Arkivert 2011-09-04 ved Wayback Machine. (aserbajdsjansk)
  11. Январский террор проармянской советской власти и непоколебимость героизма азербайджанского народа Arkivert 2010-02-15 ved Wayback Machine. (russisk)
  12. Аллахвердиев Ильгам Аждар оглы, 1962 года рождения Arkivert 2012-02-27 ved Wayback Machine. (russisk)
  13. В Азербайджане вспоминают жертв трагедии 20 января 1990 года Arkivert 2012-07-13 ved Archive.is (russisk)