Marviken i Södermanland

Koordinatar: 59°12′0″N 17°9′40″E / 59.20000°N 17.16111°E / 59.20000; 17.16111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mellanmarviken mot nord frå Krampan, juli 2009

Nedre, Mellan- og Övre Marviken er tre lange og smale innsjøar i Södermanland i Sverige, som strekkjer seg i nord-sørleg retning. Nedre Marviken ligg i Strängnäs kommun, Övre Marviken i Gnesta kommun, og Mellanmarviken i begge kommunane.

De tre innsjøane har, via Visnaren og Råckstaån, samband med Mälaren. Marviken-innsjøane ligg i ein sprekkedal, som i sør fortsetter med innsjøen Klämmingen i Gnesta kommun, som via Trosaån munnar ut i Austersjøen. Delar av Mellanmarviken og Övre Marviken ligg i Marvikarnas naturreservat, som òg inneheld eit fuglevernsområde.

De tre innsjøane vert kalla Övre, Mellan- og Nedre Marviken basert på kor høgt dei ligg over havet. Övre Marviken ligg lengst sør av innsjøane, og Nedre Marviken lengst nord.

Marviken-innsjøane er populære for kanopadling, og vinterstid for langdistanse skeiseløp. Motorbåttrafikk på innsjøane er forbode. Sörmlandsleden passerer Marviken-innsjøane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Marvikarnas naturreservat

59°12′0″N 17°9′40″E / 59.20000°N 17.16111°E / 59.20000; 17.16111