Marvin Leonard Goldberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marvin Leonard Goldberger (fødd 22. oktober 1922) er ein amerikansk fysikar

Han var professor ved University of Chicago 1950-1957, professor i teoretisk fysikk ved Princeton University frå 1957 til 1978 og frå 1978 til 1987 ved California Institute of Technology. Frå 1987 til 1991 var han direktør ved Institute for Advanced Study, og frå 1991 var han professor ved University of California, L.A.

Goldberger var knytt til Manhattan-prosjektet under andre verdskrigen og arbeidde med utviklinga av kjernereaktorar i samband med dette. Mellom anna gjorde han grunnleggjande studiar av nøytrondiffraksjon. I 1948 starta han å arbeide med elementærpartikkelfysikk under Enrico Fermi. Goldberger var den første som nytta Monte Carlo-metoden som eit statistisk grunnlag for å klårleggje reaksjonane til ein partikkel i ein kjerne. I samarbeid med Murray Gell-Mann målbar han i 1952 ein teori for kollisjonsprosessar mellom elementærpartiklar og har sidan levert vesentlege bidrag til forståinga av naturen til elementærpartiklane. Han har òg utført viktige teoretiske arbeid i samband med spreiing av røntgenar- og elektronstrålar mot komplekse molekyl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]