Marxisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det raude flagget symboliserer sosialisme.

Marxisme er ei nemning som blir nytta om ideane til den sosialistiske tenkjaren Karl Marx.

Marx skal sjølv ha protestert kraftig mot at tankane og teoriane hans blei gjorde til ein «-isme", eit heilskapleg påstått altomfattande system. Somme kalla seg «marxistar» alt i Marx si levetid. Etter den tid var det i nokre år det tyske sosialdemokratiske partiet SPD og Karl Kautsky som liksom ivaretok den marxistiske ortodoksien. Men særleg i den kommunistiske tradisjonen på 1900-talet blei marxismen eller heller marxismen-leninismen (sjå Vladimir Lenin og Josef Stalin) gjort til ei samling ufeilbarlege dogme.

Slik dogmatisme kan hevdast å vere ei umarxistisk tilnærming, då Marx understreka at det viktigaste er å analysere vitskapleg den faktiske situasjonen i samfunnet (marxisme som analysereiskap). Marx har kome med nokre grunnleggjande analysar av historia, kapitalismen, klassane og klassekampen, og føresetnadene for ei sosialistisk samfunnsordning. Mange sosialistar meiner nokre av desse analysane har vist seg å halde, men på andre område har Marx teke feil. For sosialistar flest er derfor Marx eit utgangspunkt for eiga tenking, og ikkje ein «-isme».

Marxisme i vanleg meining er då ei samling av idéar og teoriar som byggjer på Karl Marx sin analyse og kritikk av kapitalismen. Grunnelementa i denne økonomiske analysen er utvikla i hovudverket Kapitalen (Das Kapital), som Marx skreiv på til sin død i 1883. Bind 2 og 3 blei utgjevne i Marx sitt namn av Friedrich Engels.

Dei historiefilosofiske teoriane (Den historiske materialisme) utvikla Marx i sine ungdomsskrifter, der også religionskritikken og framandgjeringskritikken kom fram.

Forutan dei ovanfornemnde teoretiske elementa blir nemninga marxisme også bruka i ei breiare meining om bestemte politiske forestillingar, som er skylde dei som blei lagde fram av Marx og Engels i det meir programmatiske skriftet Det Kommunistiske Manifest, eller i det heile teke slike som til vanleg blir kalla sosialistiske eller kommunistiske.

Marxisme blir då i dag dels bruka om dei teoriane som Marx og Engels sjølv utvikla, og dels om dei teoriane som særleg i det 20. hundreåret er utvikla meir eller mindre på grunnlag av desse. Det dreiar seg både om vidareutviklingar av kjernesynspunkta i teorien, og bruk av teorien innanfor nye felt.

Det gjeld til dømes tekstar av tenkjarar som Vladimir Lenin, Rosa Luxemburg, Antonio Gramsci, Karl Kautsky, Lev Trotskij, Theodor W. Adorno, Max Horchheimer, Herbert Marcuse, Ernst Bloch, Erich Fromm, Wilhelm Reich, André Gorz, Walter Benjamin, Samir Amin, Louis Althusser, Nicos Poulantzas, Ernest Mandel, Joachim Israel, Jean-Paul Sartre, Maurice Merleau-Ponty, Pierre Bourdieu Immanuel Wallerstein m.fl.

Desse tenkjarane representerer så ulike retningar som strukturalisme, freudomarxisme, kapitallogikk og Frankfurterskolen sin kritiske teori, og mange politiske spor som stalinisme, trotskisme, reformisme, venstresosialisme og eurokommunisme.

Marxismen er attmed Freudianismen, strukturalismen og fenomenologien den teori-retninga som har vore mest fruktbar i utviklinga av nye analysemodellar for det tjuande hundreåret sin kulturkritikk. Marxismen har blitt bruka og misbruka innanfor mange empiriske felt – ofte i kombinasjon med nettopp freudianisme, strukturalisme eller fenomenologi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg mellom anna artiklane sosialisme, kommunisme, sosialdemokrati, Eduard Bernstein, Rosa Luxemburg, Karl Kautsky, Julius Martov, Otto Bauer, Vladimir Lenin, Lev Trotskij, Antonio Gramsci.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]