Marxistisk Forum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marxistisk Forum er ein partipolitisk uavhengig og sjølvstendig organisasjon som arbeider for å auka kunnskapen om marxismen i Noreg. Forumet vil etter evne medverka til å fornya og vidareutvikla marxismen. Det godkjenner ingen dogmer. I arbeidsgrunnlaget heiter det at meiningsskilnader om marxistiske teoriar og metodar er naturlege og må løysast gjennom diskusjon, forsking og røynsle. Dokumentet «Arbeidsgrunnlaget» - som vart vedtatt den 11. mars 1998 - endar slik: Marxistisk Forum verdsetter dialog med folk som tenker annerledes, og er positiv til samarbeid med andre om oppgaver av felles interesse. Medlemmane i Marxistisk Forum kan vera med i andre parti, men i dag (2008) er fleirtalet partilause. Forumet arbeider i Noreg saman med Bevegelsen for Sosialisme og Marxist Forlag.