Mary Baker Eddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mary Baker Eddy
Mary Baker Eddy.jpg
Fødd 16. juli 1821
Concord i New Hampshire, Bow
Død

3. desember 1910
Chestnut Hill

Yrke skribent, forfattar, teolog
Mary Baker Eddy på Commons

Mary Baker Eddy (16. juli 18213. desember 1910) var ein amerikansk forfattar som grunnla Christian Science-rørsla.

The Boston Journal om gravferda til Eddy

Eddy var fødd som Mary Morse Baker på ein gard i Bow i New Hampshire. Ho var plaga av sjukdom heile livet, og fekk blant anna mesmerismebehandling. Etter kvart tok ho avstand frå denne og andre handsamingar og utvikla sin eigen teori i hovudverket Science and Health (1875) om at lækjing av sjukdom utelukkande fann stad gjennom ånd og tru. «Mennesket er bevissthet og ånd, mens materien og det kroppslige, som sykdom, alder og død, er illusjon.» Ho såg på teoriane sine som ein ny vitskap.[1]

Hovudverket Videnskap og helse : med nøkkel til skriften (Science and Health) er utgjeve på norsk i fleire utgåver, sist i 1994. Eit utdrag er utgjeve i antologien New Age, 2007.

Eddy døydde i Chestnut Hill i Massachusetts. I 1995 vart ho innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde for sitat og vurderingar er innleiinga til Tonje M. Mehren og Jeanette Sky si bok New Age, 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]