Mary Barratt Due
| Mary Barratt Due | |
Mary Barratt Due omkring 1930. Foto: Ernest Rude, Byhistorisk samling, Oslo Museum. | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 9. april 1888 Bergen, Bergen kommune |
| Død |
24. desember 1969 (81 år) |
| Yrke | pianist, kvinnesaksforkjemper |
| Språk | norsk |
| Far | Thomas Ball Barratt |
| Mor | Laura Barratt |
| Ektefelle | Henrik Adam Due |
Mary Louise Barratt Due (9. april 1888–24. desember 1969) var ein norsk pianist og pedagog. Saman med mannen Henrik Adam Due stifta ho Barratt Due musikkinstitutt i 1927.
Due var fødd i Bergen som dotter av predikanten Thomas Ball Barratt og Laura Jacobsen. Familien flytta til Kristiania året etter at ho vart fødd.[1]
Due byrja tidleg å spela klaver. Som tiåring fekk ho dispensasjon frå aldersgrensa på tolv år og byrja på Musikkonservatoriet i Oslo.[1] Fire år seinare drog ho til Roma og studerte ved Santa Cecilia-akademiet, der ho tok diplomeksamen i 1907. I 1906 debuterte ho i Kristiania.
Ho hadde ei omfattande konsertverksemd. Yndlingskomponistane var Franz Liszt og Frédéric Chopin. Ho var òg open for den nye impresjonistiske stilen, og var blant dei første i Noreg til å setja Claude Debussy på programmet.
I 1916 gifta ho seg med Henrik Due, og i 1927 starta dei musikkinstituttet, som var banebrytande innan musikkpedagogikken. Ho heldt fram konsertverksemda, ofte med samtidsmusikk på programmet, samstundes som ho studerte musikkundervising, blant anna i USA.
Saman med komponisten Eyvind Alnæs gav ho ut boka Norsk pianoskole i 1931.[2]
Frå 1948 var ho president i den europeiske soroptimistrørsla.
Due var mor til musikarane Stephan Henrik Barratt-Due og Esther Barratt-Due.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Dahm, Cecilie (2014-09-28). «Mary Barratt Due». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- 1 2 «Mary Barratt Due». Store norske leksikon (på norsk). 2019-04-05.
- Denne artikkelen bygger på «Mary Barratt Due» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2019.