Hopp til innhald

Mary Bente Bringslid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Bente Bringslid
StatsborgarskapNoreg
Fødd1955 (70 år)
Molde kommune
Yrkeantropolog, skribent

Mary Bente Bringslid (fødd 1955 i Molde) er ein norsk sosialantropolog og barnebokforfattar.

Bringslid vart cand.polit. i 1986, tok doktorgrad i 1996 og har sidan 1996 vore førsteamanuensis ved Institutt for sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Forskinga hennar har dreidd seg om norske bygdesamfunn.

Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2003 med barnediktsamlinga Dei blå revane, illustrert av Inger Lise Belsvik. Bringslid fekk Kultur- og kyrkjedepartementets debutantpris for boka. I oppfølgjaren Hunden Parabol tenkjer på månen (2006) er det hunden til familien som er tema for dikta.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]