Mary Boleyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Boleyn

Føddca. 1499
Blickling Hall
Død19. juli 1543
Essex
Alle titlarDame
Hus eller slektBoleyn family
LandKongeriket England
MorElizabeth Boleyn
FarThomas Boleyn
EktefelleWilliam Carey, William Stafford
SambuarHenrik VIII av England
BarnHenry Carey, Catherine Carey, unknown male Stafford

Mary Boleyn (fødd ca. 1499, død 19. juli 1543) var ein medlem av den adelege Boleyn-familien som naut betydeleg innverknad i dei første åra av 1500-talet i England. Mary var ei av elskarinnene til kong Henrik VIII av England. Langt seinare oppstod lause rykte om at ho og systera Anne Boleyn òg hadde vore elskarinner til den franske kongen Frans I. Anne vart elskarinna til kong Henrik etter Mary, og vart sidan dronning av England og mor til dronning Elizabeth I av England. Mary vart sjølv gift to gonger.

Detaljar om livet til Mary Boleyn er uklare, men ho tilhøyrde ein familie som nådde toppen i samfunnet, følgd av eit tragisk fall då søstera Anne urettmessig vart skulda for høgforræderi, utukt og eit incestuøst samband med den yngre broren sin George, og avretta.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Marys far, den ambisiøse diplomaten Thomas Boleyn.

Mary vart fødd anten i Blickling Hall i Norfolk, eller på Hever-slottet i Kent, som eldste dotter av ein rik diplomat, Thomas Boleyn, 1. jarl av Wiltshire og kona hans Elizabeth Howard, dotter av Thomas Howard, 2. hertug av Norfolk. Fødselsåret til Mary vert oppgjeve som 1499/1500. Det finst tydelege indisium på at ho var eldst av dei tre syskena: I 1597 reiste barnebarnet hennar George Carey, 2. baron Hunsdon, krav om å få overta tittelen jarl av Ormonde basert på Mary sin rett til denne, som ville falle til dronning Elisabeth dersom systera Anne Boleyn hadde vore eldst (ved fråvær av ei mannleg linje går tittelen til eldste kvinne). Barna og systerdottera til Mary meinte òg at ho var eldst. Anne Boleyn, den seinare dronninga, vart fødd ca. 1501, og broren George Boleyn, vicomte Rochford vart fødd ca. 1504.

Eldre kjelder hevdar at Mary fekk utdanning i utlandet og heldt til ei tid som selskapsdame for erkehertuginne Margrete av Austerrike (1480–1530), men dette vert skulda ei forveksling med systera Anne. Mary vart verande i England fram til august 1514, då ho i 14-15-årsalderen reiste utanlands. Far hennar sikra ho ei stilling som maid-of-honour, oppvartande hoffdame hos kong Henrik VIII si yngre syster, prinsesse Maria Tudor, då ho reiste til Frankrike for å gifta seg med Ludvig XII av Frankrike.

Etter nokre få veker i Paris vart dei fleste av dei engelske jentene til dronninga beordra heim. Mary Boleyn fekk likevel løyve til å verta, truleg på grunn av faren sitt samband til den nye engelske ambassadøren. Den 1. januar 1515 døydde kong Ludvig XII og etterlét den unge dronninga si som enke etter eit ekteskap på tre månader. Kort etter døden til kongen gifta ho seg i løyndom med Charles Brandon, 1. hertug av Suffolk, og måtte forlata Frankrike i all hast. Thomas Boleyn fjerna dottera Mary frå Maria Tudor si teneste og fekk henne plassert i hushaldet til den nye dronninga av Frankrike, Claude. I 1517 kom kong Frans I i triumf tilbake frå militær siger i Milano med nye idear og krigsbytte. Det mest verdifulle byttet hans var den 65 år gamle Leonardo da Vinci. Om Mary òg møtte det italienske geniet, er uvisst. Det vart feilaktig hevda at han måla eit portrett av syster hennar Anne, men la belle Ferronnière vart måla lenge før ho vart fødd.[1][2]

Rykta om kongen av Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Frans I av Frankrike.

Mary hadde fått selskap i Paris av far sin, Thomas Boleyn, som var fransk ambassadør i 1519/20, og av den yngre systera Anne, som hadde vore ved hoffet i Nederlanda. Den franske dronninga Claude skal ha kalla Mary Boleyn la petite boullain (den vesle buljongen), men det finst ingen skildringar korkje av utsjånaden eller karakteren til Mary - om ho var frisk og livleg, eller stille og alvorleg.[3]

Fleire tiår seinare oppstod eit rykte om at Mary skulle ha vore elskarinna til kong Frans medan ho var ved det franske hoffet. Likelydande rykte gjekk i ettertid om søstera Annes opphald ved det franske hoffet. Også ho skulle hatt eit forhold til kong Frans.[4]

Det var først i mars 1536 – femten år seinare – at Rodolfo Pio, biskop av Faenza skreiv i eit brev at kong Frans hevda at Anne Boleyn ikkje hadde abortert ein son i januar 1536, men at ho berre hadde late som ho var gravid ved hjelp av søstera si Mary, som den franske kongen «kjende» (dvs. seksuelt) som una grandissima ribalda et infame sopre tutte – «som den største hora og svært berykta». Pio var mannen til paven og naturleg nok ein sterk motstandar av den evangeliske Anne Boleyn som var skuld i at kong Henrik braut med pavedømmet. I dag veit ein ikkje om Pio gjengav orda til kongen nøyaktig, og om Frans i så fall overdreiv eller laug i eit forsøk på å rakka ned på Boleyn-familien. I alle fall er det løgn at Anne Boleyn berre lét som ho var gravid. Eustace Chapuys m.fl. rapporterte at Anne Boleyn hadde nedkommet med eit tolv veker gammalt gutefoster.[5]

Nicholas Sander skreiv om Mary i Rise and Growth of the English Schism (1585) at det franske hoff kalla Mary «den engelske merra» på grunn av den skamlause åtferda hennar, og «det kongelege muldyret» medan ho angiveleg stod i tilhøve til kongen. Men Sander skreiv vidare at systera Anne Boleyn hadde ei utståande tann, seks fingrar og ei vorte under haka, og hadde lege med kapellanen og hovmeisteren til far sin før ho vart send til Frankrike i vanære. Ikkje noko av dette stemmar. Då er det heller ikkje sannsynleg at opplysningane om Anne si syster Mary stemmar.[6]

Kong Frans var kjend som ein venn av damene, og han kan godt ha lagt seg etter Mary medan ho var ved hoffet hans. Philippe du Moulin skal ha kjent Thomas Boleyn då denne var ambassadør til Frankrike i 1519/20. Jean Brodeau som skreiv ein biografi om Charles du Moulin (1500-66), gitt ut i 1654, stadfesta at Anne Boleyn voks opp i Briis-sous-Forges hos ein av du Moulins forfedrar. Det må ha vore Philippe du Moulin som døydde i 1548, munnskjenken til kongen. Lokalt blir det sagt at Anne voks opp i Briis,[7] der ei gate er oppkalla etter henne. I røynda hadde Anne Boleyn inga tilknyting til Briis, men søstera hennar Mary kan ha vorte sendt dit for å bu hos ein respektabel familie, for å sikra henne mot uønskt merksemd frå kong Francis. Kanskje oppheldt ho seg i byen i åra 1515-19 til eit ekteskap var arrangert for henne, og at folk etter kvart gløymde at det hadde vore to søstrer Boleyn, og berre hugsa at ein av dei hadde budd i Briis. Dermed kan det ha vakse fram ei legende om at dette var Anne.[8]

I 1519 vende Mary tilbake til England. Thomas Boleyn, som bevislig hadde ambisjonar for sina barn, sørgt deretter for å skaffa ho ein ny posisjon som hoffdame for den engelske dronninga, Katarina av Aragón, i dei siste ti åra hennar av ekteskapet med kong Henrik VIII, kanskje i von om at kongen skulle interesserast i ho.

Kongeleg elskarinne[endre | endre wikiteksten]

Kong Henrik VIII av England i all sin prakt, malt av Hans Holbein d.y.

Den 4. februar 1520, eit år etter at Mary Boleyn kom attende til England, gifta ho seg med William Carey, ein velståande hoffmann med gode samband og gunsten til kongen. Datoen er kjend fordi ei bryllaupsgåve på 6s 8d til Mr. Care og Mary Bullayne er ført opp i rekneskapa til kongen.[9] Ei yngre dotter gifta sjeldan seg før ei eldre syster, så dette tyder òg på at Mary var eldst av systrene.[10] 

Kong Henrik var blant gjestene. Kanskje han vart betatt av brura, eller kanskje han hadde falle for ho ved riddarturneringa 4. mars 1522 då systera Anne Boleyn debuterte ved det engelske hoffet, men ikkje noko tyder på at kong Henrik la merke til ho då. Ved turneringa rei han ut under mottoet Ella monnar Coeur a navera (= Ho har såra mitt hjarte) og eit såra hjarte brodert på utstyret til hesten.[11] Dette kan ha vore retta til Mary Boleyn - eller til ein anna av dei mange damene ved hoffet.[12]

Mary hadde ein affære med kong Henrik, men det har ikkje vore mogleg å tidfesta denne, heller ikkje kor lenge han varte. Han kan ha vore avslutta då ho gifta seg, eller kan ha byrja då, eller strekt seg over fleire år. Då det vart kjent at kongen hadde eit forhold til Anne Boleyn, sa George Throckmorton direkte til kongen at «folk trur at du òg har stått i med både mora og søstera.» Kongen raudna og svarte: «Aldri med mora!» Han nekta ikkje for forholdet han hadde hatt til Mary. Jesuitten Nicholas Sander heldt likevel liv i ryktet om at kongen òg hadde kjent mora til søstrene, og at Anne Boleyn eigentleg var hans eiga dotter. I 1523 hadde kong Henrik ein båt med namnet «Mary Boleyn», men denne var kjøpt frå faren hennar Thomas Boleyn og kunne fått namnet av han.[13]

Barn i første ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Ekteparet Carey fekk to barn:

  • Katherine Carey (fødd ca. 1524, død 15. januar 1568), som var brudejente for både Anna av Kleve og Katarina Howard. Ho gifta seg med puritaneren Francis Knollys, og vart seinare hoffdame for Elizabeth I, som var hennes kusine. Katherine Knollys er gravlagd i Westminster Abbey.[14] Ein av døtrene hennar, Lettice Knollys, gifta seg med Elizabeths yndling Robert Dudley, 1. jarl av Leicester.
  • Henry Carey, 1. baron Hunsdon (født 4. mars 1526, død 23. juli 1596) vart slegen til riddar av Elizabeth I rett etter kroninga hennar. I 1557 sat han likevel eit bel i Fleet fengsel for ei gjeld på £ 507. Henry Carey var gift med Anne Morgan som han fekk tolv barn med - ni søner og tre døtrer. På hans dødsleie vitja dronning Elizabeth han og tilbaud han grevskapet Wiltshire som hadde tilhøyrt morfaren hans Thomas Boleyn.[15]

I Henry Careys levetid vart det notert at han likna mykje på namnebroren sin kongen, og antyda at kong Henrik hadde gitt Marys mann William Carey ei rekkje gåver og eigedommar på tidspunktet for fødselen til dei to barna som ein takk for at Carey tolererte forholdet kongen hadde til Careys kone. Det vart òg foreslått at ekteskapet var arrangert for å dekkja over illegitime barn, og at dronning Elizabeth stod Henry Carey så nær fordi dei var halvsøsken og ikkje berre søskenbarn.[16]

Anne Boleyn og kong Henrik[endre | endre wikiteksten]

Anne Boleyn.

Marys søster Anne kom tilbake til England i 1522 og vekte oppsikt ved hoffet som ho blenda med kunnskapane og bakgrunnen sine frå innverknadsrike hoff på kontinentet. Ho fekk fleire belarar, men ingen veit når kongen fall for henne. Først i 1527 innleidd kong Henrik hemmelege forhandlingar for å få annullert ekteskapet sitt med dronning Katarina av Aragonia, som etter 20 års samliv ikkje hadde gitt han nokon son. I søknaden sin om dispensasjon for å inngå eit nytt ekteskap, søkte han spesifikt om løyve til å gifta seg med ei kvinne sjølv om han hadde hatt eit seksuelt forhold til søstera hennar.[17]

I juni 1528 døydde Marys ektemann i eit utbrot av engelsk svettesyke. Både Anne Boleyn, broren George og faren deira vart sjuke, men dei kom seg.[18] Mary stod no utan midlar til livsopphald, og faren Thomas Boleyn vende henne ryggen. Ho var ikkje lenger elskarinna til kongen og bidrog ikkje lenger til å skaffa familien innverknad. Kanskje såg han heller ingen sjanse for noko fordelaktig ekteskap for henne, no som ho nærma seg 30. Det ser ut til at ho vende seg til kongen, for han skreiv til søstera hennar Anne: «Når det gjeld forholdet til søstera di, har eg fått Walter Welze til å skriva kva eg meiner til my Lord [dvs. Annes og Marys far]...for det tener han ikkje til ære viss han ikkje tek seg av si eiga dotter no i nøda hennar.» Kong Henrik lét Anne overta formyndarskapet til søstersonen sin Henry Carey, som vart utdanna ved eit cisterciensarkloster. Kongen lét òg Mary overta den årlege inntekta på 100 pund som han tidlegare lønte mannen hennar med. Slik kunne Mary fint forsørgja seg sjølv og dottera.[19]

Mary Boleyn bad rådgivaren til kongen, Thomas Cromwell, om hjelp i eit rørande brev om sit ekteskap med William Stafford.

Andre ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Då Anne Boleyn reiste til Calais saman med Henrik VIII på eit statsbesøk i 1532, var Mary med i følgja hennar. Anne vart krona som dronning den 1. juni 1533 og fødde ei dotter (den seinare dronninga Elizabeth I) den same hausten. I 1534 forårsaka Mary skandale ved å komma til hoffet, ikkje berre som gift kone, men også gravid. Ho hadde i all hast gifta seg med William Stafford, ein soldat ved den engelske garnisonen i Calais. Som søstera til dronninga hadde Mary gifta seg langt under standen sin, attpåtil utan løyve frå søstera si og faren sin. Anne var rasande over dette brotet på etikette, og forviste henne frå hoffet. Det gjorde heller ikkje saka enklare at Mary venta barn, medan Anne sjølv hadde hatt eit svangerskap same år som ikkje resulterte i noko barn.[20] Antakeleg drog Mary tilbake til Calais til mannen sin, for i 1539 var William Stafford ein av dei som vart utvalt til å helsa Anna av Kleve, kong Henriks fjerde kone, velkommen til Calais.[21] Anne og Mary såg aldri kvarandre igjen.

Marys økonomiske situasjon var så vanskeleg at ho trygla rådgivaren til kongen, Thomas Cromwell, om å leggja inn eit ord for henne hos kong Henrik og dronning Anne. Samtidig uttrykkjer ho takksemda si over å leva i eit kjærleiksekteskap med ein mann som bryr seg om henne. Ho innrømmer at det var gale å gifta seg utan å be om løyve, men «han var så ung, og kjærleik overmanna fornufta; og for delen min så eg oppriktigheita hans, og at eg elska han like høgt som han meg, men han var bunden, medan eg heldigvis var fri, slik at for delen min innsåg eg at verda brydde seg så lite om meg, og han så mykje, at eg tenkte eg kunne ikkje gjera noko betre enn å ta han og gi slepp på alt anna, og leva eit fattig, ærleg liv saman med han...Viss eg var fri og kunne velja, forsikrar eg deg at eg har funne så mykje ærlegdom i han, at eg ville heller tigga brødet mitt saman med han enn vera den største dronninga i kristenheten. Og eg trur absolutt at han har det som eg, for eg er sikker på at han ikkje ville svikta meg for å bli konge.»[22]

Mary Boleyns liv mellom 1534 og avrettinga av systera hennar den 19. mai 1536 er svært vanskeleg å spora. Ho vitja ikkje mora; heller ikkje systera eller broren George medan dei sat i Tower of London. Familien hadde sjølv avvist ho, og Mary klarte å unngå det meste av vanæra deiar ved å leva i tilbaketrekt anonymitet resten av livet.[23]

Rochford Hall, der Mary budde i sina siste år.

Etter Annes avretting trakk deres mor attende seg frå hoffet, og døydde avsondra eit år etter. Faren Thomas Boleyn døydde det påfølgjande året. Tidleg i 1540 drog Mary og hennes mann tilbake til England, der Mary fekk noko av arven etter sin far, blant anna Rochford Hall i Essex, der ho heldt til sina siste år.[24] Mary døydde medan ho framleis var tidleg i førtiåra. Gravstaden hennar er ukjend.[25]

Marys ekteskap med William Stafford (død 5. mai 1556) resulterte i ein son som truleg vart fødd ein gong i 1535 og døydde i 1545. Det kan òg ha vore ei dotter ved namn Anne, men dette er usikkert.

Mary Boleyn er ei fjern formoder til kjende britar som Winston Churchill, forfattaren P.G. Wodehouse, Elizabeth Bowes-Lyon, prinsesse Diana[26] og Sarah Ferguson, tidlegare hertuginne av York.[27]

Litterære framstillingar[endre | endre wikiteksten]

Mary Boleyn opptredde i filmen Anne of the Thousand Days frå 1969, der ho vart presentert som gravid, avvist og bitter. Ho vart spelt av Valerie Gearon. Geneviève Bujold spelte søstera hennar Anne Boleyn, Richard Burton spelte Henrik VIII og William Squire spelte Thomas Boleyn.

Mary Boleyn har òg ei framståande rolle i romanane The Secret Diary of Anne Boleyn av Robin Maxwell, I, Elizabeth av Rosalind Miles, The Rose of Hever av Maureen Peters, The Lady in the Tower av Jean Plaidy, Mistress Anne av Norah Lofts, Anne Boleyn av Evelyn Anthony, Dear Heart, How Like You This? av Wendy J. Dunn og Young Royals: Doomed Queen Anne av Carolyn Meyer. Ho var òg ein sentral figur i Karen Harpers roman The Last Boleyn, som er ein meir medfølende attgjeving av Marys tidlegaste barndom og liv fram til døden til søstera hennar.

Mary er òg hovudpersonen i The Other Boleyn Girl (2002), ein roman av Philippa Gregory. Denne boka vart filmatisert som eit fjernsynsdrama av BBC i januar 2003 med Natascha McElhone som Mary, Jodhi May som Anne Boleyn, Jared Harris som Henrik VIII og Steven Mackintosh som George Boleyn. I 2006 vart ei Hollywood-utgåve av boka produsert med Scarlett Johansson som Mary, Eric Bana som kongen og Natalie Portman som Anne.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bruce, Marie-Louise:Anne Boleyn, 1972
  • Denny, Joanna: Anne Boleyn: A new life of England's tragic queen 2004
  • Fraser, Antonia: The Wives of Henry VIII, 1992
  • Ives, Eric: The Life and Death of Anne Boleyn 2004
  • Lindsey, Karen: Divorced Beheaded Survived: A Feminist reinterpretation of the wives of Henry VIII 1995
  • Mosley, Charles: Burke's Peerage and Baronetage, 107. utgåve
  • Weir, Alison: The Six Wives of Henry VIII, 1991

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Darsie, Heather R. (21. mai 2019), «The Curious Case of a Misidentified Portrait of Anne Boleyn», Maidens and Manuscripts: Taking a fresh look at people and events from 1347 to 1625, with a focus on women and illuminated manuscripts (på engelsk), henta 8. desember 2021 
  2. theanneboleynfiles, «Leonardo da Vinci’s Boleyn?», The Anne Boleyn Files (på engelsk), henta 8. desember 2021 
  3. theanneboleynfiles, «Mary Boleyn the Unknown Sister – Personality and Appearance by Sarah Bryson», The Anne Boleyn Files (på engelsk), henta 8. desember 2021 
  4. G.W. Bernard: Anne Boleyn: Fatal attractions (s. 8), Yale University Press, ISBN 978-0-300-17089-4
  5. Mary Boleyn: A Great and Infamous Whore? (på engelsk), 13. mars 2020, arkivert frå originalen 13. august 2020, henta 8. desember 2021 
  6. https://www.theanneboleynfiles.com/mary-boleyn-was-she-really-the-mistress-of-francis-i/
  7. https://thetudortravelguide.com/2019/05/11/briis-sous-forges/
  8. «Tudor Times», Tudor Times (på engelsk), henta 8. desember 2021 
  9. [1] Boleyn, Mary
  10. G.W. Bernard: Anne Boleyn: Fatal attractions (s. 6)
  11. theanneboleynfiles, «2 March 1522 - Elle mon coeur a navera, she has wounded my heart», The Anne Boleyn Files (på engelsk), henta 8. desember 2021 
  12. https://www.theanneboleynfiles.com/1-march-1522-the-chateau-vert-pageant/
  13. https://thehistoryjar.com/tag/george-throckmorton/
  14. https://www.westminster-abbey.org/abbey-commemorations/commemorations/katherine-knollys
  15. https://www.tudorsociety.com/henry-carey-sarah-bryson/
  16. https://www.tudorsociety.com/henry-carey-sarah-bryson/
  17. G.W. Bernard: Anne Boleyn: Fatal attractions (s. 22), Yale University Press, ISBN 978-0-300-17089-4
  18. theanneboleynfiles, «22 June 1528 - Mary Boleyn becomes a widow», The Anne Boleyn Files (på engelsk), henta 10. november 2021 
  19. https://www.theanneboleynfiles.com/mary-boleyn-the-unknown-sister-from-widowhood-to-william-stafford-by-sarah-bryson/
  20. The Baby Vanishes: Anne Boleyn’s Second Pregnancy (på engelsk), 12. desember 2012, henta 10. november 2021 
  21. «Unravelling Mary Boleyn by Sarah Bryson - The Tudor Society», www.tudorsociety.com (på engelsk), henta 10. november 2021 
  22. https://www.theanneboleynfiles.com/mary-boleyns-letter-thomas-cromwell/
  23. [2] Boleyn, Mary
  24. https://historicengland.org.uk/services-skills/education/educational-images/rochford-hall-rochford-11000
  25. https://www.theanneboleynfiles.com/19-july-1543-death-mary-boleyn/
  26. https://www.theanneboleynfiles.com/how-prince-william-and-prince-harry-descend-from-mary-boleyn/
  27. Mosley, Charles: Burke's Peerage and Baronetage, 107. utgave

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mary Boleyn