Mary E. Brunkow
| Mary E. Brunkow | |||
| Fødd | 1961 | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | USA | ||
| Område | immunologi, molekylærbiologi, genetikk | ||
| Yrke | molekylærbiolog, immunolog | ||
| Institusjonar | Institute for Systems Biology UCB Celltech | ||
| Alma mater | Princeton University University of Washington | ||
| Doktorgradsrettleiar | Shirley M. Tilghman | ||
Mary Elizabeth Brunkow[1] (fødd 1. januar 1961) er ein amerikansk molekylærbiolog og immunolog. Ho er kjend for å ha vore med på å identifisere genet som seinare fekk namnet FOXP3 som årsaka til sjukdomsfenomenet i «scurfy»-mus – ei oppdaging som vart grunnleggande for moderne forsking på regulatoriske T-celler. I 2025 vart Nobelprisen i fysiologi eller medisin tildelt Brunkow og to andre, for deira oppdagingar knytte til perifer immunologisk toleranse.
Tidleg liv og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Brunkow vart fødd i 1961 i Portland, Oregon.[2][3] Ho gjekk ut frå St. Mary's Academy i Portland i 1979. Ho tok ein bachelorgrad (B.S.) i molekylær- og cellebiologi ved University of Washington i 1983, og ein doktorgrad (Ph.D.) i molekylærbiologi ved Princeton University i 1991. Rettleiar hennar var Shirley M. Tilghman.[4] Doktoravhandlinga hennar hadde tittelen «Expression and function of the H19 gene in transgenic mice» (1991).[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Brunkow arbeidde innan industriforsking i Seattle-området, mellom anna ved Celltech R&D i Bothell, Washington – der ho saman med Fred Ramsdell gjennomførte det banebrytande arbeidet på FOXP3 som førte til Nobelprisen.[5] Seinare vart ho senior program manager ved Institute for Systems Biology i Seattle.[6]
Forsking
[endre | endre wikiteksten]Brunkow var medforfattar av ein artikkel publisert i Nature Genetics i 2001 som identifiserte genet som forårsakar «scurfy»-fenotypen hos mus.[7][8] Genproduktet fekk først namnet scurfin, og vart seinare kjend som FOXP3. Artikkelen viste at mutasjonar i dette genet fører til ein dødeleg, lymfoproliferativ sjukdom, og at tap av FOXP3 fører til ukontrollert aktivering av T-celler og alvorleg immunsjukdom.[7][9] Denne oppdaginga plasserte FOXP3 i sentrum for forståinga av perifer immunologisk toleranse formidla av regulatoriske T-celler. Identifiseringa av FOXP3 gav eit molekylært grunnlag for å forstå korleis immunsystemet hindrar sjølvreaksjonar utanfor thymus, og la grunnlaget for omfattande forsking på utvikling og funksjon av regulatoriske T-celler.[10][11] I ettertid har vidare forsking ført til utvikling av blant anna anti-sclerostin-terapi, inkludert legemiddelet romosozumab, som har fått godkjenning for klinisk bruk og er mykje omtalt i medisinsk litteratur.[12][13]
Utmerkingar og prisar
[endre | endre wikiteksten]Den 6. oktober 2025 kunngjorde Nobelkomiteen ved Karolinska Institutet i Stockholm at Brunkow, Fred Ramsdell og Shimon Sakaguchi vart tildelte Nobelprisen i fysiologi eller medisin for oppdagingar knytte til perifer immunologisk toleranse.[14][15] Ho vart då den fjortande kvinnelege Nobelprisvinnaren i medisin.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Brunkow, Mary Elizabeth. «Expression and function of the H19 gene in transgenic mice». ProQuest. Henta 6. oktober 2025.
- ↑ «Mary E. Brunkow – Facts». The Nobel Prize. Henta 6. oktober 2025.
- ↑ «Scientist who graduated from Portland high school wins Nobel Prize in medicine». The Oregonian. 6. oktober 2025. Henta 6. oktober 2025.
- ↑ «Princeton alumna Mary Brunkow *91 receives Nobel Prize in Physiology or Medicine». Princeton University. 6. oktober 2025.
- ↑ «Nobel Prize in Physiology or Medicine 2025». NobelPrize.org (på engelsk). Henta 6. oktober 2025.
- ↑ Fuller-Wright, Liz (6. oktober 2025). «Princeton alumna Mary Brunkow *91 receives Nobel Prize in Physiology or Medicine». www.princeton.edu (på engelsk). Henta 7. oktober 2025.
- 1 2 Brunkow, Mary E.; Jeffery, Eric W.; Hjerrild, Kathryn A.; Paeper, Bryan; Clark, Lisa B.; Yasayko, Sue-Ann; Wilkinson, J. Erby; Galas, David; Ziegler, Steven F.; Ramsdell, Fred (2001). «Disruption of a new forkhead/winged-helix protein, scurfin, results in the fatal lymphoproliferative disorder of the scurfy mouse». Nature Genetics 27 (1): 68–73. PMID 11138001. doi:10.1038/83784.
- ↑ «FOXP3 and scurfy: how it all began» (PDF). Nature Reviews Immunology 14 (5): 343–349. 2014. PMID 24722479. doi:10.1038/nri3650.
- ↑ Bluestone, Jeffrey A. (2017). «FOXP3, the Transcription Factor at the Heart of the Rebirth of Immune Tolerance». The Journal of Immunology 198 (3): 979–980. doi:10.4049/jimmunol.1602060.
- ↑ «FOXP3 and scurfy: how it all began» (PDF). Nature Reviews Immunology 14 (5): 343–349. 2014. PMID 24722479. doi:10.1038/nri3650.
- ↑ «Development and function of FOXP3+ regulators of immune responses». Clinical and Experimental Immunology 213 (1): 13–22. 2023. doi:10.1093/cei/uxad048.
- ↑ Mullard, Asher (9. mai 2019). «FDA approves first-in-class osteoporosis drug». Nature.
- ↑ «Extending the Therapeutic Potential: Romosozumab in Osteoporosis». Journal of the Endocrine Society 8 (11). 2024.
- ↑ «The Nobel Prize in medicine goes to 3 scientists for work on peripheral immune tolerance». AP News. 6. oktober 2025.
- ↑ «Brunkow, Ramsdell and Sakaguchi win 2025 Nobel medicine prize». Reuters. 6. oktober 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Mary E. Brunkow» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2025.