Mary Jane's Last Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mary Jane's Last Dance
av Tom Petty and the Heartbreakers
frå albumet Greatest Hits
Utgjeve 16. november 1993
Innspelt 22. juli 1993
Sjanger Heartland rock, bluesrock, southern rock, hard rock
Lengd 4:35
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Tom Petty
Produsent Rick Rubin, Tom Petty, Mike Campbell
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
«Into the Great Wide Open»
(1992)
Mary Jane's Last Dance «Something in the Air»
(1993)


«Mary Jane's Last Dance» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart spelt inn 22. juli 1993, medan Petty spelte inn soloalbumet Wildflowers, og vart produsert av Rick Rubin, gitaristen Mike Campbell og Petty sjølv.[1] Innspelinga vart den siste med trommeslagaren Stan Lynch, før han slutta i 1994. Songen vart gjeven ut på Greatest Hits i 1993.[2] Singelen nådde 14. plassen på Billboard Hot 100, og vart den første topp 20-hitten hans i USA i 1990-åra,[3] og songen toppa Billboard Album Rock Tracks-lista i to veker.[4]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen, som vann MTV sin pris for beste mannlege video i 1994, syner Petty som ein likhusassistent som tar med seg ei død kvinne heim (spelt av Kim Basongar) for ein middagsdate. Ein scene i videoen der den døde kvinna har på seg ein bryllaupskjole i eit rom fullt av vokslys, er laust basert på ein passasje i Charles Dickens-romanen Great Expectations.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993-1994) Plassering
U.S. Billboard Album Rock Tracks 1
U.S. Billboard Hot 100 14
Kanadiske RPM Top Singles 5
Nederland 26
Tyskland 63
UK Singles Chart 52

Årslister[endre | endre wikiteksten]

End of year chart (1994) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[5] 77

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 2010 gav songar/låtskrivaren Derwood ut ein southern rock/reggae-versjon av songen.
  • I 2006 hevda ein amerikansk radiostasjon at Red Hot Chili Peppers-songen «Dani California» var eit plagiat av «Mary Jane's Last Dance», og hevda at Petty burde saksøkte Chili Peppers. Rick Rubin hadde produsert begge songane. Petty svarte med å sei at han ikkje kom til å gå til sak, og at det var mange rockesongar som likna kvarandre.[6] Hovudriffet i songen til Petty er på side lik hovudriffet i ein annan song kalla «Waiting for the Sun» frå 1992 av The Jayhawks. The Jayhawks var oppvarmingsband for Petty-turneen i 1992 og Benmont Tench spelte på begge.[7]
  • I 2013 gav Kenny Chesney ut ein song kalla «Pirate Flag». Denne har på liknande vis som med Red Hot Chili Peppers blitt samanlikna med «Mary Jane's Last Dance», særleg måten versa vert sungen på.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greatest Hits 2008 Reissue Liner Notes Pg. 12
  2. Allmusic:Mary Jane's Last Dance
  3. Billboard.com Artist Chart History
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 490.
  5. «Billboard Top 100 - 1994». Henta 27. august 2010. 
  6. [1]
  7. http://soundsjustlike.com/tom-pettys-mary-janes-last-dance-sounds-like-the-jayhawks-waiting-for-the-sun/
  8. http://www.1065ctq.com/pages/Maverick.html?article=10755322/