Mary Leakey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mary Leakey
Mary Leakey.jpg
Leakey i 1977
FøddMary Douglas Nicol
6. februar 1913(1913-02-06)
London i England
Død9. desember 1996 (83 år)
Nairobi i Kenya
NasjonalitetStorbritannia
OmrådePaleoantropologi
Yrkeantropolog, arkeolog, forhistoriker, paleoantropolog, biolog, paleontolog
Kjend forZinjanthropus-fossil; Laetoli-fotspora
EktefelleLouis Leakey
BarnJonathan Leakey, Richard Leakey, Philip Leakey
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

Mary Leakey (6. februar 19139. desember 1996) var ein britisk paleoantropolog. Ho oppdaga den første fossiliserte Proconsul-skallen, ein utdøydd primat som ein no trur er ein forløpar for menneske. Ho oppdaga også ein robust Zinjanthropus-skalle i Olduvaidalen i Tanzania.

I mykje av livet arbeidde ho saman med ektemannen Louis Leakey i Olduvai. Her oppdaga dei fossilar av gamle Homininae (store afrikanske apar) og dei tidlegaste eksemplara av Hominini, ei gruppe som omfattar sjimpansar og menneske. Dei fann også steinreiskapar laga av den sistnemnde gruppa. Mary Leakey utvikla eit klassifiseringssystem for reiskapane funne i Olduvai. Ved Laetoli oppdaga ho 3,7 millionar år gamle Hominini-fossil og fotspor som då var det eldste provet på oppreist gange.

Gjennom karrieren oppdaga Leakey femten nye dyreartar og medverka til å namngje ei ny biologisk slekt. I 1972, etter at ektemannen døydde, blei Leakey leiar for utgravingane i Olduvai. Ho lærte også opp sonen Richard til å fortsetja den arkeologiske familietradisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]