Mary MacKillop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary MacKillop

Fødd15. januar 1842
FødestadMelbourne
Daud8. august 1909
DødsstadSydney
Yrkesyster
Helgendag8. august

Mary MacKillop, òg kjend som Mother Mary of the Cross (15. januar 18428. august 1909) var ei australsk nonne, og ho vart den første australiaren som vart saligkåra og heilagkåra. Dette vart ho då pave Johannes Paul II saligkåra henne i Sydney den 19. januar 1995. Ho vart heilagkåra i ein offisiell seremoni 17. oktober 2010.[1] Saman med presten Julian Tenison Woods grunnla ho i 1866 kongregasjonen «Systrer av St. Josef av Jesu heilage Hjarte» (Sisters of St Joseph of the Sacred Heart – RSJ), eller Josephites og Brown Joeys som dei òg vert kalla.

Gjennom heile virket sitt var Mary MacKillop oppteken av å gi utdanning og hjelp til dei svakaste i det australske samfunnet. I ein periode med svært lågt utdanningsnivå i landet bygde ho opp ein nonneorden som etablerte mange skular for fattige barn. Ho grunnla den første katolske gratisskulen i landet og var svært sentral i arbeidet med å byggja opp eit katolsk skuleverk ved sida av det offentlege.

Internt i kyrkja var MacKillop ein kontroversiell figur, delvis på grunn av samarbeidet sitt med fader Woods. Kontroversane nådde eit høgdepunkt då ho i 1871 vart ekskommunisert av biskop Sheil, og nonnene i ordenen hennar fekk forbod mot å ha kontakt med henne. Ekskommunikasjonen vart oppheva av Sheil på dødsleiet hans, og ho vart òg frifunnen av ei gransking frå Vatikanet.

MacKillop vart i oktober 2010 Australias første helgen, då pave Benedikt XVI heilagkåra henne. Med dette vart ho òg ein av svært få helgenar som har vore ekskommuniserte frå kyrkja. Forut for heilagkåringa godkjende Vatikanet to mirakel som skal ha skjedd etter forbønna hennar. I begge tilfella skal det ha vore personar vart lækja for kreft.

Minnestein i gata på staden der Mary MacKillop vart fødd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nun becomes first Australian saint» (på engelsk). Al Jazeera. Henta 17. oktober 2010.