Mary Macmaster
Mary Macmaster | |||
Fødd | 22. november 1955 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | harpe | ||
Verka som | musikar |
Mary Macmaster (fødd 22. november 1955 i Glasgow) er ein skotsk harpist og songar.[1] Ho spelar keltisk harpe og Camac elektroharpe, og syng på engelsk og gælisk. Ho har arbeidd i lag med Sting, Kathryn Tickell, Norma Waterson, Donald Hay, Poozies, og i duoen Sìleas med Patsy Seddon. I 2013 blei ho og Seddon innførte i Scottish Traditional Music Hall of Fame.[2][3]
Som tenåring kjøpte Macmaster ei billig harpe som viste seg å ha metallstrengar, slik som den tradisjonelle keltiske harpa. Utan opplæring i denne eldre harpetypen var ho mest sjølvlært i å spela på henne. I 1977 studerte ho på ein sommerskole halden av Clàrsach Society, og tre år seinare blei ho student i keltologi ved Universitetet i Edinburgh. Ho spelte inn eit album som medlem av bandet Sprangeen. I 1985 var ho ferdig med utdanninga, og saman med Patsy Seddon, ein medstudent som òg var medlem av Sprangeen, danna ho harpduoen Sileas. Same året byrja ho å spela på ein av dei fyrste modellane av elektrisk harpe laga av Joël Garnier. Macmaster har vore medlem av folkemusikkgruppa The Poozies sidan 1990, og er den einaste gjenverande grunnleggjaren.[3]
Sidan 2022 har ho vore sceneansvarleg ved Edinburgh International Harp Festival.[4]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Sprangeen - (Springthyme SPR 1013 - 1984)
- Clan Alba - 1995
- Sugar Cane - med Shine - 2001
- Bright Shiny Morning - med Norma Waterson - 2000
- La Boum! Marionette (samlealbum) - 2005
- Cold Blow These Winter Winds - (samlealbum) - 2006
- Kathryn Tickell & Ensemble Mystical
- Songs of Separation - med Songs of Separation - (2016)
Med Sileas
- Delighted with Harps (Lapwing, 1986)
- Beating Harps (Green Linnet Records SIF 1089 - 1987)
- Harpbreakers (Lapwing Records LAP 127 - 1990)
- Play on Light (1996)
Med The Poozies
- Dansoozies (1993)
- Chantoozies (1995)
- Come Raise Your Head (1997)
- Infinite Blue (1998)
- Raise Your Head: A Retrospective (2000)
- Changed Days Same Roots (2003)
- Yellow Like Sunshine (2009)
- Into the Well (2015)
- Punch (2018)
Med Donald Hay
- Love and Reason (2009)
- Hook (2012)
Som gjest
- If on a Winter's Night..., Sting (2009)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Mary Macmaster». Arkivert frå originalen 10 December 2010. Henta 4. desember 2020.
- ↑ «Mary Macmaster». Henta 4. desember 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Scottish Traditional Music Hall of Fame: Sileas – Patsy Seddon and Mary Macmaster». Henta 4. desember 2020.
- ↑ «Festival Team». Henta 3. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Mary Macmaster» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2024.