Mary Robinson (1757–1800)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Mary Robinson.
Mary Robinson (1757–1800)
Gainsborough Mary-Robinson.jpg
Portrett av Mary Robinson (1781) måla av Thomas Gainsborough.
Fødd 27. november 1758
Bristol
Død

26. desember 1800
Englefield Green

Yrke lyrikar, romanforfattar, skribent, skodespelar, royal mistress
Mary Robinson (1757–1800) på Commons

Mary Robinson (fødd Darby27. november 175726. desember 1800) var ein engelsk forfattar, skodespelar og offisiell elskarinne til prinsen av Wales, den seinare kong Georg IV av Storbritannia.

Som diktar tilhøyrde Mary Robinson romantikken, kjend som «den engelske Sapfo»,[1] og inspirerte Samuel Taylor Coleridge.[2] Ho var også kjend for si rolle som Perdita i The Winter's Tale av Shakespeare.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Mary Robinson var fødd i Bristol som dotter av marinekapteinen John Darby og kona hans Hester, fødd Seys. Faren forlet familien då Mary var barn. For å forsørga familien på fem barn starta mora ein skule for unge jenter der Mary underviste som tenåring. John Darby fekk skulen stengd under ei kortvarig vitjing til familien, noko han som mann hadde høve til etter engelsk lov.[3]

Mary gjekk motvillig inn i eit fornuftsekteskap med Thomas Robinson som viste seg å likevel ikkje vera så gagnleg. Robinson hadde hevda å vera arving til ein formue, noko som ikkje stemde, men hadde likevel ein overdådig livsstil. Han hadde også fleire forhold utanfor ekteskapet. Det pengelause paret flykta til Wales, der Mary fekk si einaste dotter, Mary Elizabeth. Etter at dei blei innhenta av kreditorane levde familien over eit år i gjeldsfengsel.[4] I denne tida skreiv Mary Robinson si første diktsamling, Captivity, som ho fekk gjeve ut med støtte av Georgiana Cavendish, grevinna av Devonshire.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Karikatur frå 1783 av prinsen av Wales som Florizel og Mary Robinson som Perdita i The Winter's Tale.

Mary Robinson var allereie lagt merke til av teaterprodusenten David Garrick. Etter å ha sloppe fri frå fengsel bestemte ho seg for å satsa på ein karriere som skodespelar. Hennar første rolle var som Julie i Romeo og Julie ved Theatre Royal Drury Lane i London i desember 1776. Ho blei særleg kjend for å spela bukseroller, og gjorde stor suksess som Viola i Twelfth Night og Rosalind i As You Like It. Hennar best kjende rolle var likevel Perdita i Florizel and Perdita, ei tilpassa utgåve av The Winter's Tale, i 1779. Det var under denne oppsettinga at den no tjueeinårige Mary blei lagt merke til av den unge prinsen av Wales, som tilbaud henne 20 000 pund for å bli elskarinna hans.[5]

Etter å ha overveid tilbodet ei stund tok Robinson imot det, og forlet ektemannen. Med si nye høge samfunnsstilling blei ho ein trendsetjar i London. Den nye moten med lause, flagrande musselinkjolar basert på gamle greske statuar blei kjend som «perditaer». Men forholdet til prinsen enda i 1781 og ho fekk aldri den lova summen.[6] Robinson fekk ein sjeldan gong ein årleg pengesum frå krona, og kunne ikkje lenger livnæra seg av teater. Berre skrivinga var igjen.[7]

O'er the tall cliff that bounds the billowy main
Shad'wing the surge that sweeps the lonely strand,
While the thin vapours break along the sand,
Day's harbinger unfolds the liquid plain.
The rude Sea murmurs, mournful as the strain
That love-lorn minstrels strike with trembling hand,
While from their green beds rise the Syren band
With tongues aёrial to repeat my pain!
The vessel rocks beside the pebbly shore,
The foamy curls its gaudy trappings lave;
Oh! Bark propitious! bear me gently o'er,
Breathe soft, ye winds; rise slow, O! swelling wave!
Lesbos; these eyes shall meet thy sands no more:
I fly, to seek my Lover, or my Grave!
Sappho and Phaon: XXX. Bids farewell to Lesbos[2]

Mary Robinson hadde seinare fleire forhold, mellom anna med soldaten Banastre Tarleton, som hadde utmerka seg i Den amerikanske sjølvstendekrigen. Forholdet deira varte i rundt 15 år og dei vitja Frankrike og Tyskland saman. Til slutt gifta Tarleton seg likevel med ei anna, Susan Bertie, den uektefødde dottera og arvingen til Robert Bertie, den fjerde greven av Ancaster og Kesteven. I 1783, 26 år gammal, blei Mary Robinson delvis lamma av ein mystisk sjukdom.

I denne tida skreiv Mary Robinson ei rekkje dikt knytt til kjærleik og problem rundt han, som i sonettekrinsen Sappho and Phaeon.[4] Mot slutten av 1830-åra var ho kjend som «den engelske Sapfo». Ho gav ut fleire dikt under psevdonym, som den biske peparmøya Tabitha Bramble, mannsnamnet Oberon og kvinnenamnet Bridget.

I tillegg til dikt skreiv ho seks romanar, to skodespel, ein feministisk tekst og ein ufullend sjølvbiografi. Særleg romanane selte godt og blei omsett til fleire språk. Fleire av dei hadde sjølvbiografiske trekk.[4] Lik den samtidige Mary Wollstonecraft gjekk Robinson i bresjen for kvinnerettar. Ho kritiserte stoda til ekteskapet i samtida si, og støtta den franske revolusjonen.

Mary Robinson døydde fattig seint i 1800, 42 år gammal, etter fleire år med skrantande helse. Dottera Mary Elizabeth, som også var forfattar, overlevde henne.

Mary Robinson avbilda på tittelsida til Poems.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Poems (1791)
  • Sappho and Phaon: In a Series of Legitimate Sonnets
  • Vancenza (1792)
  • The Widow (1794)
  • Angelina (1796)
  • Hubert de Sevrac (1796)
  • Walsingham (1797)
  • The False Friend (1799)
  • The Natural Daughter (1799)

Bøker om Mary Robinson[endre | endre wikiteksten]

  • Memoirs of Mary Robinson (1895)
  • Perdita's Prince av Jean Plaidy (1969).
  • Mary Robinson: selected poems (1999) av Judith Pascoe
  • All For Love: The Scandalous Life and Times of Royal Mistress Mary Robinson, roman av Amanda Elyot (2008)
  • Perdita: The Life of Mary Robinson (2005), biografi av Paula Byrne

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «the English Sappho», Mary Robinson, Sappho and Phaon, About the Book; Judith Pascoe, Romantic Theatricality, Cornell University Press, 1997, ISBN 0-8014-3304-5, s. 13
  2. 2,0 2,1 «Poem of the week: Sappho and Phaon by Mary Robinson». guardian.co.uk. 
  3. Feldman 2000, s. 590.
  4. 4,0 4,1 4,2 «Mary Darby Robinson (1758-1800)]». digital.library.upenn.edu. 
  5. Feldman, Paula R (2000), British Women Poets of the Romantic Era: An Anthology, Mary Robinson (1758-1800), s. 590, ISBN 0-8018-6640-5 ; Carroll, Leslie (2008). Royal Affairs: A Lusty Romp Through the Extramarital Adventures That Rocked the British Monarchy. George IV and Mary Robinson 1757-1800. ISBN 978-0-451-22398-2. ; Smith, E.A (2001), George IV, The Pursuit of Pleasure, s. 17 
  6. Katharine Binhammer, 'Thinking Gender with Sexuality in 1790s Feminist Thought', Feminist Studies28.3 (2002): 667-690.
  7. Carroll (2008). Royal Affairs: A Lusty Romp Through the Extramarital Adventures That Rocked the British Monarchy. George IV and Mary Robinson 1757-1800. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Mary Robinson (1757–1800)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2013.
  • Binhammer, Katherine. 'Thinking Gender with Sexuality in 1790s Feminist Thought.' Feminist Studies28.3 (2002): 667-90.
  • Byrne, Paula (2005). Perdita: The Life of Mary Robinson. London: HarperCollins and New York: Random House.
  • Gristwood, Sarah (2005). Perdita: royal mistress, writer, romantic. London: Bantam.
  • Robinson, Mary, and Mary Elizabeth Robinson (1801). Memoirs of the Late Mrs. Robinson. London: Printed by Wilkes and Taylor for R. Phillips.
  • Mary Darby Robinson biography
  • Mary Robinson memoirs

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mary Robinson (1757–1800)