Mary av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary

Dronning av Danmark
Fullt namnMary Elizabeth Donaldson
Fødd5. februar 1972
FødestadHobart
Gift medFrederik X av Danmark
DynastiHuset Glücksborg (Danmark)
FarJohn Dalgleish Donaldson
MorHenrietta Clark Donaldson
BornChristian av Danmark, Isabella av Danmark, Vincent av Danmark, Josephine av Danmark

Mary (fødd Mary Elizabeth Donaldson5. februar 1972 i Hobart) er dronning av Danmark, grevinne av Monpezat og yngste dotter av John Dalgleish Donaldson og Henrietta Clark Donaldson. Dronning Mary har bachelor i jus og økonomi.[1]

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Den 8. oktober 2003 gav dronning Margrethe II det offisielle løyvet til at kronprins Frederik kunne gifte seg med den då australsk-britiske statsborgaren Mary Elizabeth Donaldson. Paret vart vigde i Københavns domkyrkje 14. mai 2004.

Born[endre | endre wikiteksten]

  • 25. april 2005 vart det annonsert at kronprinsparet venta det første barnet sitt. Laurdag 15. oktober 2005 klokka 01:57 fødde kronprinsessen ein velskapt son, Christian Valdemar Henri John, med ei vekt på 3500 gram, og ei lengd på 51 cm.
  • 26. oktober 2006 kunngjorde det danske hoffet at kronprinsessa var gravid med sitt andre barn. Kronprinsessa vart innlagd 21. april 2007 på Rigshospitalet i København. Mary fødde laurdag 21. april 2007 kl 16.02 ei velskapt dotter. Ho vog 3350 gram og var 50 cm lang. Prinsessa er den første prinsessa fødd i Danmark sidan 1946. Ho fekk ved dåpen 1. juli 2007 namnet Isabella Henrietta Ingrid Margrethe.
  • Laurdag 8. januar 2011 vart det meldt at ho same dag hadde fødd tvillingar, ein 47 centimeter lang gut på 2684 gram, og ei 46 centimeter lang jente på 2554 gram. Guten vart fødd kl 10:30 og jenta vart fødd 26 min seinare, kl 10:56. Dei fekk ved dåpen 14. april 2011 namna Vincent Frederik Minik Alexander og Josephine Sofia Ivalo Mathilda.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1972–2004: Frøken Mary Elizabeth Donaldson
  • 2004–2008: Kronprinsesse Mary Elizabeth av Danmark
  • 2008–2024: Kronprinsesse Mary Elizabeth av Danmark, grevinne av Monpezat
  • 2024– : Dronning Mary av Danmark

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paaske, Emma Rønberg: Mary - dronning af Danmark i Den Store Danske på lex.dk. Henta 14. januar 2024.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mary av Danmark