Hopp til innhald

Masahiko Harada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Masahiko Harada
StatsborgarskapJapan
Fødd9. mai 1968 (58 år)
Kamikawa
Idrettskihopping
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Asiatiske vinterleker 2003, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp

Masahiko Harada (fødd 9. mai 1968) er ein japansk, tidlegare skihoppar frå KamikawaHokkaido. Han vann to VM-gull, fyrst i Falun 1993 i normalbakken og sist i Trondheim 1997 i storbakken. Under vinter-OL 1998 i Nagano sikra han OL-gull for Japan i laghopping. Mellom 1993 og 1999 vann Harada ni medaljar i ulike ski-VM og vinter-OL; fem av medaljane var individuelle prestasjonar, dei fire andre vann han i lag med hoppkameratar frå Japan. Han deltok i alle vinterolympiadane frå 1992 og 2006.

Harada vart nummer fire i den tysk-austerrikske hoppveka 1992/93, noko som skulle verte hans beste plassering i hoppveka. Under verdsmeisterskapen 1993 i Falun overraska han stort, etter å ha vorte nummer fire i storbakken gjekk han heilt til topps i normalbakken.

Harada vert mellom anna hugsa for kollapsen i avslutninga av laghopptevlinga under OL på Lillehammer i 1994. Det japanske laget leia suverent før det siste hoppet i den store bakken. Harada, ankermannen, hadde hoppa 122 meter i sitt fyrste hopp og trong berre å hoppe om lag 105 meter i siste omgangen for å sikre gullet. Harada feila og landa på 97,5 meter, dermed gjekk OL-gullet til Tyskland.

Fyrst i desember 1995 vann Harada sitt fyrste verdscuprenn. Sidan i same sesongen gjekk han til topps i ytterlegare tre renn, medan dei siste fem verdscupsigrane kom i OL-sesongen 1997/98. I mellomtida vann Harada eit nytt, noko overraskande verdsmeisterskap i skihopping, då han i Trondheim i 1997 vann hopprennet i storbakken under ski-VM i Trondheim. Tidlegare i meisterskapen hadde han teke sølvmedaljen i normalbakken, berre overgått av Janne Ahonen frå Finland, og han hadde vunne sølv i laghoppinga.

I 1998 fekk Harada bronsemedaljen i storbakke-tevlinga under OL, som gjekk i heimlandet hans. Berre landsmannen Kazuyoshi Funaki og Jani Soininen frå Finland hoppa betre. Harada vart dessutan nummer fem i normalbakken. I same meisterskapen fekk Harada atter sjansen til å vinne OL-gull i laghopp. Det fyrste hoppet hans målte berre 79,5 meter og laget fall frå fyrste- til fjerdeplass. I sitt andre hopp klemde han til med bakkerekord; 137 meter. Lagkameraten Kazuyoshi Funaki sikra så gullet med eit hopp på 125 meter, den fyrste olympiske gullmedaljen i hopp for Japan sidan OL i Sapporo 1972. Dei andre på laget var Takanobu Okabe og Hiroya Saitō. Sesongen 1997/98 vart Harada nummer fire i den totale verdscupen, hans beste plassering i verdscupen nokon gong.

Harada kom på bronseplass i hopprennet i normalbakken under ski-VM 1999 i Ramsau. Han var i same verdsmeisterskapen atter ein gong med på eit japansk lag som tok medalje i lagtevlinga, denne gongen eit VM-sølv.

Harada la opp i 2006.

Verdscupsigrar

[endre | endre wikiteksten]
Nr.DatoStadLand
1.8. desember 1995VillachAusterrike
2.18. februar 1996Iron MountainUSA
3.1. mars 1996LahtiFinland
4.3. mars 1996LahtiFinland
5.8. desember 1997VillachAusterrike
6.12. desember 1997HarrachovTsjekkia
7.21. desember 1998EngelbergSveits
8.11. januar 1998RamsauAusterrike
9.13. mars 1998TrondheimNoreg

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]