Masahiko Inadomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Masahiko Inadomi
Fødd13. oktober 1934
Tokyo
Død29. mai 1982
Oslo
NasjonalitetNoreg, Japan
Yrkeskribent, filolog, omsetjar, universitetslærar
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleInger Inadomi

Masahiko Inadomi (13. oktober 192129. mai 1982) var ein japansk forfattar, omsetjar og universitetslektor i japansk ved Universitetet i Oslo.

Han var den første japanaren som tok cand. philol.-graden med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo, der han skreiv hovudoppgåva «Den plettfrie. En analyse av Sigurd Hoels Møte ved milepelen», som seinare òg vart utgjeve i bokform. Inadomi kom til Noreg i 1954.[1] Inadomi fortalde seinare i eit intervju med Aftenposten at det var Bjørnsons Bondefortellinger som lokka han til Noreg.[2] Inadomi vart utnemnd til universitetslektor i 1971.[1]

«Chunichi-Inadomi-fondet for norsk-japansk kulturutveksling» er oppkalla etter han. Fondet vart oppretta etter at den japanske avisa Chunichi Shimbun, som arrangerte ei Edvard Munch-utstilling i Japan i 1970-71, hadde donert overskotet av utstillinga på ¥10 000 000 til Universitetet i Oslo. Leiinga for Chunichi Shimbun ynskte å heidre den store innsatsen Masahiko Inadomi hadde lagt ned i samband med dei to Munch-utstillingane, og for norsk-japansk kultursamband generelt.[3]

Inadomi var ein av drivkreftene bak «First Nordic Symposium in Japanology» som vart halde i 1981.[4]

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Aftenposten - Nekrologer (9.6.1982, s.11)
  2. Aftenposten - Arne lokket meg hit sier Masahiko Inadomi (8.3.1957)
  3. UNIFOR Chunichi-Inadomi-fondet for norsk-japansk kulturutveksling Arkivert 2007-11-10 ved Wayback Machine.
  4. Inadomi, Masahiko (1. januar 1981). Proceedings from the First Nordic Symposium in Japanology (på engelsk). East Asian Institute, University of Oslo. ISBN 9788299084406.