Masaiar
Utsjånad
Masaiar er eit semi-nomadisk folkeslag som held til i området sør for Victoriasjøen i Afrika, i grensetraktene mellom Kenya og nordlege Tanzania. Folkegruppa held særleg til i Riftdalen, på savanna i Masai Mara og Serengeti-området. Masaiane taler maa, eit språk som høyrer til den nilosahariske språkgruppa.
Tradisjonelt har masaiane drive kvegdrift med zebukveg, men det er også blitt vanleg med saue- og geitehald. Saueslaget deira blir kalla raud masaisau og er av typen tjukkhalesau, ein type sau som lagrar kroppsfeittet i bakparten, omtrent som dromedaren lagrar det i ein pukkel. Dette gjer sauen meir toleg i tørketida, då han kan tæra på den opplagar feittreserven.[1][2]
Gallero
[endre | endre wikiteksten]- Masaikvinner i Masai Mara
- Masaidans i Masai Mara
- Hovdingsonen Tonkei Ole Taek frå Talek i Masai Mara.
- Hovdinghatt av løveskinn frå Masai Mara
- Masaismykke
- Masaiane lager gjerde av tornebuskar rundt hyttene for å verna buskapen og seg sjølv mot rovdyr
- Hytter laga av leire, kumøkk og greiner
- Inne i hyttene er det trongt, mørkt og berre eit lite hol i veggen for å sleppa ut røyken frå matlaginga.
- Kuflokk og geiter i Masai Mara.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Maasai Culture and Traditions - Maasai Wilderness Conservation». Maasai Wilderness Conservation Trust (på engelsk (USA)). Henta 2021-01-12.
- ↑ «Maasai people, traditions and culture». www.africancraftsmarket.com. Henta 2021-01-12.
- Denne artikkelen bygger på «Masaier» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2024.