Masdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Masdal
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6174 BARSTADVIK
Gardnummer 95

Masdal er ein matrikkelgard i Ørsta kommune, gardsnummer 95 i Ørsta. Han ligg ved Vartdalsfjorden, næraste garden er Rot (i nordaust) medan det er 4 km til Nøre-Vartdal (i sørvest).

Garden ligg på ein terrasse opp for Vartdalsfjorden, og er nemnd i eit diplom frå 1338. Garden hadde fire brukarar frå 1623, eit brukartal som heldt seg heilt fram til 1916. Fram til utskiftinga (1880-83) låg garden i eit klyngjetun. Tre av gardane flytta då husa sine til nye tufter. På det meste hadde garden sju brukarar (1930-talet).

Over garden stig bergsida opp mot Klovetinden med Masdalskloven. 27. juli 1940 gjekk det, etter eit styrtregn, ei mengd jordskred frå fjellsida ned over bøane på Masdal og grannegarden Rot. Ei «fælande gyrme la seg alle stader, så det var mest uråd å koma gjennom på nokon stad», skriv bygdebokforfattaren Johannes Buset. Fleire menneske på Masdal var tidvis i den største livsfare.

I åra 1873 og -74 fekk Masdal vegsamband med grannegarden Nøre-Vartdal i sørvest, og til Rot og grannebygda Barstadvik (i nordaust). 1956-58 vart vegen forbi garden del av hovudvegen mellom Bergen og Ålesund, no E39.

Fram til 1945 utgjorde Masdal saman med Rotnes og Rot eigen skulekrins kalla Bukta. Bukta er fellesnamnet for dei tre matrikkelgardane, som sidan 1945 har høyrt til Barstadvik skulekrins.

Folketal:

  • 1801: 30 personar – (5 heimar)
  • 1865: 29 personar – (4 heimar)
  • 1900: 30 personar – (4 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II og III. 1983 og 1984
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900