Masdalskloven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Masdalskloven ligg bak garden Masdal

Masdalskloven er ei fjellform sør for garden Masdal i ØrstaSunnmøre.

Den særmerkte forma er godt attkjenneleg på lang avstand. Difor har ho i stor grad vorte brukt av sjøfarande til å ta méd.[1]

Aust for Masdalskloven ligg Klovekinn med toppen Klovetinden (949 moh.) På vestsida ligg Storehylla.

Etter ei vandresegn vart Masdalskloven til ved at ein lindorm sprengde seg ut av fjellet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fallboka for Møre og Romsdal
  2. Vandresagnkatalogen