Masfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kommunen med same namn, sjå Masfjorden kommune.
Masfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Masfjorden
Del av Nordsjøen
Kart
Masfjorden
60°52′19″ N 5°23′49″ E

Masfjorden er ein fjord i Masfjorden kommune i Vestland og ein sidefjord av Fensfjorden. Han har ei lengd på 25 km inn til botn av Matresfjorden, som er ein arm av fjorden. Ved innløpet til Matresfjorden går ein annan arm nordaustover som Haugsværsfjorden.

Fjorden har innløp mellom Kvamsøya og Holsøya og den ytste delen av fjorden vert kalla Sandnesosen etter Sandnes som ligg på sørsida av fjorden, like nord for Masfjordnes, kommunesenteret. Frå her går det ferje over til Skarvetangen på Duesundøyna ved Duesund, ei rute som berre er om lag 800 meter lang. Fjorden går frå her hovudsakleg nordover, men like aust for Duesund går det ei vik inn til grendene Totland og Andvika. Om lag 5 km lenger nord snur fjorden rett austover. Fylkesveg 379 følgjer den vestlege sida av fjorden nord til fjorden snur austover.

Solheim ligg på nordsida av fjorden eit stykke austover og frå her stikk Haugsværsfjorden seg nordaustover til Haugsvær. Rett sør for Solheim, på andre sida av fjorden markerer Saltneset innløpet til Matresfjorden som går inn til Matre.