Masirah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 20°28′16″N 58°48′55″E
Masirah
مصيرة
øy
none
Land Flag of Oman.svg Oman
Region Ash Sharqiyah Sør guvernement
Wilayah (Provins) Masirah
By Ras-Hilf
Stad Arabiahavet
 - koordinatar 20°28′16″N 58°48′55″E
Lengd 95 km
Areal 649 km²
Folketal 12 000
Folketettleik 18 / km²
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Masirah Island

Masirah eller Mazeira (arabisk مصيرة) er ei øy utafor austkysten av Oman. Ho er 95 km lang frå nord til sør og mellom 12 og 14 km brei, med eit areal på 649 km², og kring 12 000 innbyggjarar fordelt på 12 landsbyar. Dei fleste landsbyane ligg nord på øya. Administrativt utgjer øya ein av elleve provinsar (arabisk ولاية, wilaya) i Ash Sharqiyah Sør guvernement. Den største landsbyen er Ras-Hilf, som ligg nord på øya. Her ligg ein flybase for det omanske luftforsvaret og ein fiskefabrikk. Tidlegare hadde BBC ein reléstasjon for radiosendarar der. Det indre av øya er stort sett ørkenområde. Ein kan berre kome til øya med bilferje eller med fly frå luftforsvaret.

Hovudnæringane er fiske og tradisjonell tekstilproduksjon. Tidlegare var òg båtbygging ei viktig næring.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Terrenget på øya er kupert og kystlinja ujamn, og det er mange båtar som har forlist på strendene på øya, der det ligg fleire godt bevarte dhow-båtar. Natt til 21. september 1835 gjekk USS «Peacock» på eit korallrev ved øya. Området rundt øya er dekt av grunner av sand og stein, og det går sterke straumar gjennom området. Om sommaren er det normalt ein jamn, sterk vind som er ideell for kite-surfarar og brettseglarar. EIn få store bølgjer på vindsida av øya, som òg er attraktive for surfarar.

Den 5–6. juni 2007 måtte 7000 innbyggjarar på øya evakuere då høge stormbølgjer frå syklonen Gonu råka av området som den kraftigaste på 60 år.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Masirah

Øya ligg kring 19 km utafor austsida av Barr al Hikman og er generelt kupert, særleg på austsida. Åsane langs austsida av øya er skild frå kysten av ei smal sandslette. Åsane strekkjer seg nesten langs med heile øya. Eit bratt platå står i midten av rekkja på nordaustsida av øya. Langs vestsida av øya er det nokre få låge åsar, skilde frå fjella i aust av ei stor sandslette.

Jabal Madrub, er eit 256 meter høgt fjell, som står kring 13 km sør for nordenden av øya. Ras Abu Rasas er det sørlegaste neset på Al Masirah, og er lågt og klippete. Jabal Suwayr (Jabal al Hilm) er ei høg, kjegelforma ås med ei høgd på 153, meter kring 3 km nordaust for Ras Abu Rasas. Ras Kaydah, er eit lite og kring 20 meter høgt nes. Det ligg fleire holmar 600 meter aust og 4 km nord for Ras Kayda.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øya har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med varme somrar og vintrar. Her kjem lite nedbør og det som kjem fell som regel frå februar til april, i tillegg til den korte monsuntida frå juni til august.

Klimadata for Masirah
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 32.4 33.7 37.5 42.7 44.0 45.3 41.6 41.4 36.8 40.0 37.0 31.1 45,3
Normal maks. temp. °C 26.0 26.9 29.8 33.4 35.4 34.6 31.8 30.7 30.7 32.0 29.8 27.1 30 68
Døgnmiddeltemp. °C 22.1 22.8 25.2 28.4 30.4 29.9 27.5 26.4 26.6 27.2 25.7 23.4 26 30
Normal min. temp. °C 18.2 18.7 20.7 23.8 25.9 25.6 23.6 22.5 22.8 22.6 21.6 19.8 18,2
Kulderekord °C 8.9 12.1 13.4 16.3 19.6 21.6 20.0 19.0 20.0 18.5 15.4 9.4 8,9
Nedbør (mm) 7.5 16.3 12.5 10.2 1.5 21.1 11.6 9.9 0.4 0.0 1.2 6.9
relativ fukt 68 70 71 67 69 73 78 79 78 71 69 67 71,7
Normale månadlege solskinstimar 287.2 259.1 297.3 311.2 346.6 268.6 238.1 248.0 283.6 317.9 299.5 288.9 3 446
Kjelde: NOAA (1980-1990) [1]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Ferje på veg til Masirah.

Masirah har i nyare tid opna for turisme.[2] Ein kan berre kome seg til øya med ferja, som går seks gonger om dagen frå Shannah. Det finst eitt hotell og ein camping på øya. Staden er særleg populær blant kite-surfarar.[3]

Militærbase[endre | endre wikiteksten]

Britane bygde ein militærbase på Masirah i 1930-åra. Han bestod av ein liten steinbygning og eit drivstofflager for flygebåtar midt på vestsida av øya.

Restane av sjøflylageret på Masirah i 1984.

Det oppstod ein krangel mellom britiske styrkar og lokale innbyggjarar i 1942, lei av ein av to lokale sjeikar, som til slutt måtte flykte frå øya.[4]

Under andre verdskrigen betalte britane sultanen av Muscat £18 000 i året for å lov til byggje «nødvendige anlegg», som omfattar Masirah. Etter krigen skreiv britane ein 99 år lang leigeavtale av basen. Basen fortsette å vekse fram til 1970-åra, og støtta britiske og omanske styrkar som kjempa mot opprrørar under Dhofar-opprøret. I tillegg var det ein stoppestad for langtfarande RAF-fly.

Britane trekte seg ut av Masirah 31. mars 1977, og det omanske luftforsvaret tok over basen. USA brukte Masirah som utgangspunkt for Operasjon Eagle Claw i eit mislukka forsøk i 1980 på å frigje amerikanske gislar i Iran.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Masirah er eit viktig yngleområde for glattkarettar.[5]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare hadde øya ei kopargruve.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Masirah Climate Normals 1980-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. ftp://ftp.atdd.noaa.gov/pub/GCOS/WMO-Normals/RA-II/OM/41288.TXT. Henta January 15, 2013. 
  2. http://www.theguardian.com/travel/2010/sep/04/masirah-island-oman-middle-east The Guardian, «Oman's Desert Island», Henta 5. januar 2014
  3. http://www.surfertoday.com/travel/8793-riding-the-desert-winds-of-the-masirah-island Surfer Today, «Riding the desert winds of the Masirah», Henta 5. januar 2014
  4. Top Secret Cabinet Office Memorandum by the Secretary of State for Air and Secretary of State for India (CP 45 3) of 29. mai 1945. The National Archives, Kew.
  5. Oman: a MEED practical guide John Whelan - 1984 «Five species occur: the loggerhead, green, hawksbill, bastardskjelpadde og leather-back turtles. Of these, two species commonly breed in Oman — the loggerhead in Masirah, and the suppeskjelpadde on the beaches of Ras al-Hadd.»
  6. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 98. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]