Hopp til innhald

Maskehornramnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hornramnar
Raudmaskehornramn Foto: Duncan Wright
Raudmaskehornramn
Foto: Duncan Wright
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Horn- og hærfuglar Bucerotiformes
Familie: Bucorvidae
Slekt: Hornramnar Bucorvus
Lesson, 1830

Maskehornramnar er ei biologisk slekt Bucorvus i hornfuglfamilien med to nolevande artar. Slekta er endemisk for Afrika sør for Sahara. Blåmaskehornramn finst i eit belte frå Senegal aust til Etiopia, medan raudmaskehornramn lever på dei sørlege og austlege delane av kontinentet.

Maskehornramnar er store fuglar, dei vaksne rundt ein meter høge. I motsetnad til andre hornfuglar er begge artar av maskehornramnar bakkelevande, og dei lever av insekt, slangar, andre fuglar, amfibium og jamvel skilpadder.[1] Dei er blant fuglane med lengst levealder.[2]

Ein forhistorisk maskehornramn, Bucorvus brailloni, er skildra frå fossile bein i Marokko, noko som tyder på at slekta var mykje meir utbreidd eller distribuert annleis før kvartæristidene.[3]

Raudmaskehornramn, augevippe er synleg, dominerande blåfarga på strupen indikerer hofugl.

Bucorvus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå september 2012[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Birdlife International har klassifisert begge artane som sårbare, VU, på den internasjonale raudlista per 2025.[6]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Kinnaird Margaret F. and O‘Brien< Timothy G.; The Ecology and Conservation of Asian Hornbills: Farmers of the Forest; pp. 20-23. ISBN 0226437124
  2. Wasser, D. E. and Sherman, P.W.; “Avian longevities and their interpretation under evolutionary theories of senescence” in Journal of Zoology 2 November 2009
  3. Kemp, A. C. 1995 The Hornbills. Oxford University Press, Oxford.
  4. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 3. november 2013
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  6. Birdlife International. «IUCN Red List». Verdas naturvernunion. Henta 31. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]