Maskinentreprenørenes Forbund
Maskinentreprenørenes Forbund | |||
Org.nr. | 980037541 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 10. desember 1948 | ||
Hovudkontor | Oslo kommune | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Julie Brodtkorb | ||
Nettstad | https://mef.no (norsk) |
Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) er ein bransje- og arbeidsgjevarorganisasjon med om lag 2 400 medlemsverksemder.[1] Dei fleste medlemmane driv anleggsverksemd med eigne maskinar, med nokre av medlemmane driv som entreprenørversemd med skogsmaskinar, eller med renovering og attvinning.
Medlemsføretaka har til saman over 40 000 tilsette og omsett for over 100 milliardar kroner i året.[1] MEF er medlem av Bygge-, anleggs- og eiendomsrådet (BAE-rådet) og har eigen hovudavtale med Landsorganisasjonen (LO) / Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) og tariffavtalar med NAF og Fellesforbundet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]MEF vart stifta i 1948, under namnet Bulldosereiernes Landsforening. I 1961 vart namnet endra til Maskinentreprenørenes Forening og i 1974 til Maskinentreprenørenes Forbund.