Maskinkanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bofors 40 mm maskinkanon på eit fransk fartøy

Maskinkanon er ein kanon med kaliber 20 mm eller større som kan skyte automatisk eld.

Ammunisjonen til maskinkanon er normalt granatar, med ein tennsats og eit sprenglekam. Verknaden er med dette større enn for tunge maskingevær, som vanlegvis skyt heilmantla blyammunisjon. Maskinkanonar vart vanlege rundt andre verdskrig, og vert brukt i fly, på skip og på stormpanservogner. Dei vert brukt mot fly, infanteri og lettpansra køyretøy eller fartøy som mål. Ekstremt snøggskytande maskinkanonar har ei gatlingmekansime og er roterande kanonar med fleire løp.

Vanlege kaliber for maskinkanonar er 20, 23, 25, 30 og 40 mm.

Det norske forsvaret brukar 20 mm maskinkanon på stormpanservogna NM135, jagarflyet F-16 og som luftvern, 25 mm på JSF F-35, 30 mm vert brukt på stormpanservognen CV9030N og 40 mm som luftvern.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]