Maskinsjef

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maskinsjefen i maskinrommet på ferga Bastø II

Maskinsjef (engelsk: chief engineer) er høgaste maskinoffiser og teknisk sjef ombord på skip, hovudsakleg ansvarlig for framdrift, hjelpemaskineriet ombord, vedlikehald av alt teknisk utstyr og elektriske installasjonar, ansvarleg for å planlegging av verkstadsopphold og leie utføringa. Maskinsjefen er rangert under kapteinen, og er leiar for alt maskinromspersonell. Å løyse det høgaste maskinoffisersertifikatet M1 krev minimum 36 mnd effektiv fartstid etter endt eksamen noko som gjer det til den lengste maritime utdanninga.

Utdanning i Norge[endre | endre wikiteksten]

Det er to måtar å ta utdanninga på:

Y-vegen[endre | endre wikiteksten]

  • VG1 Teknikk og industriell produksjon (eitt år)
  • VG2 Skipsteknikk (eitt år)
  • Læretid ombord i skip som motormann (eitt år effektiv seglingstid, delast opp etter turnusordning)
  • Fagbrev som motormann (to dagar på godkjent tunglab)
  • Maritim teknisk fagskole, maskinist, teoretisk kompetanse for maskinist max. kl. 4 (eitt år)
  • Maritim teknisk fagskole, maskinsjef, teoretisk kompetanse på ledelsesnivå kl. 1 (eitt år)
  • Seglingstid som maskinkadett, offiser på opplæring (éin månad eff. seglingstid)
  • Seglingstid i stilling som krev maskinoffisersertifikat kl 4 (eitt år eff. seglingstid): oppnår maskinoffisersertifikat lågaste klasse 2
  • Seglingstid i stilling som krev maskinoffisersertifikat lågaste klasse 2 (eitt år eff. seglingstid): oppnår maskinoffisersertifikat høgaste klasse 2
  • Seglingstid i stilling som krev maskinoffisersertifikat høgaste klasse 2 (1,5 år eff. seglingstid): oppnår maskinoffisersertifikat klasse 1

Annan utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • Studiespesialiserende vidaregående skole (tre år)
  • Høgskole med bachelor- eller mastergrad i maritime ingeniørfag (tre år)
  • Seglingstid som maskinkadett. (eitt år eff. seglingstid)
  • Seglingstid som tredje- eller andremaskinist (eitt år eff. seglingstid)
  • Seglingstid som førstemaskinist (eitt år eff. seglingstid)

Kompetansen ein får i denne utdanninga gjer at ein kan arbeide med mange tekniske utfordringar på landbasert basis òg. Ein kan òg inneha dei fleste stillingane i dei ulike reiarlaga, med unntak av nokre som krev høgare økonomiutdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]