Masnedø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Masnedø
Gamal kanonstilling på Masnedø
Gamal kanonstilling på Masnedø
Geografi


Stad Mellom Sjælland og Falster
Koordinatar 54°59′N 11°54′E

Areal 1,68 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Vordingborg kommune

Demografi
Folketal 156 (2005)
Folketettleik 93 /km²

Masnedø er ei dansk øy mellom Sjælland og Falster. Øya har eit areal på 1,68 km² og 156 innbyggjarar. Ein kan kome til Masnedø via Masnedsund bru frå Sjælland, eller via Storstrøm bru frå Falster. Dei to bruene danna tidlegare ein hovudveg for bilar og jarnbane mellom dei to større øyane, men i dag tar Farøbruene seg av det meste trafikken over sundet.

I 1912 vart det bygd ei militær festning på øya. Festninga var noko av det første tyskarane tok i 1940 då dei invaderte Danmark. I 1974 vart festninga lagt ned, og omgjort til eit kunstgalleri og som ein stad for musikkfestivalar.