Masoviske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Masoviske voivodskap
Województwo mazowieckie
Flagget til Masoviske voivodskap Våpenet til Masoviske voivodskap
Flagget til Masoviske voivodskap Våpenet til Masoviske voivodskap
Plasseringa til Masoviske voivodskap i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Warszawa
Fylke: 5 byar og 37 landfylke
Gmina: 314
Folketal: 5 164 612 (2006)
Areal: 35 579 km²
Folketettleik: 145 /km²
Heimeside: www.mazowsze.uw.gov.pl/

Masoviske voivodskap (polsk Województwo mazowieckie eller berre Mazowieckie) er den største og mest folkerike av dei 16 voivodskapa i Polen. Det ligg sentralt i landet og har eit areal på 35 579 km² og 5,16 millionar innbyggjarar. Den største byen er Warszawa (1,7 mill) og andre store byar er Radom (226 000) i sør, Płock (127 000) i vest, Siedlce (77 000) i aust og Ostrołęka (55 000) i nord. Warszawa er hovudstad både i voivodskapet og i landet.

Historie og geografi[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Warszawa, Płock, Ciechanów, Ostrołęka, Siedlce og Radom. Provinsen har namn etter den historiske regionen Mazowsze (stundom kalla Masovia på andre språk). Den sørlege delen av voivodskapet med byen Radom høyrer historisk til Malopolska.

Det grensar til seks andre voivodskap, Ermelandskmasuriske i nord, Podlasie i nordaust, Lublin i søraust, Święty Krzyż i sør, Łódź i sørvest og Kujaviskpommerske i nordvest.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 85 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006[1]):

1. Warszawa (1 700 536)
2. Radom (226 372)
3. Płock (127 307)
4. Siedlce (77 047)
5. Pruszków (55 387)
6. Ostrołęka (53 758)
7. Legionowo (50 698)
8. Ciechanów (45 902)
9. Otwock (43 247)
10. Żyrardów (41 161)
11. Sochaczew (37 925)
12. Mińsk Mazowiecki (37 808)
13. Piaseczno (37 508)
14. Wołomin (36 711)
15. Mława (29 702)
16. Nowy Dwór Mazowiecki (27 545)
17. Grodzisk Mazowiecki (27 055)
18. Wyszków (27 010)
19. Ząbki (24 422)
20. Marki (23 376)
21. Piastów (23 273)
22. Ostrów Mazowiecka (22 560)
23. Płońsk (22 233)
24. Pionki (19 788)
25. Pułtusk (19 229)
26. Gostynin (19 119)
27. Sierpc (18 791)
28. Sulejówek (18 676)
29. Kozienice (18 541)

30. Sokołów Podlaski (18 419)
31. Józefów (18 353)
32. Kobyłka (17 897)
33. Zielonka (17 180)
34. Przasnysz (17 069)
35. Konstancin-Jeziorna (16 579)
36. Garwolin (16 072)
37. Łomianki (15 744)
38. Milanówek (15 660)
39. Grójec (14 990)
40. Węgrów (12 606)
41. Błonie (12 259)
42. Szydłowiec (12 030)
43. Brwinów (11 968)
44. Góra Kalwaria (11 130)
45. Warka (11 028)
46. Karczew (10 396)
47. Maków Mazowiecki (9 880)
48. Żuromin (8 647)
49. Ożarów Mazowiecki (8 237)
50. Zwoleń (8 176)
51. Radzymin (7 864)
52. Nasielsk (7 364)
53. Białobrzegi (7 320)
54. Tłuszcz (7 283)
55. Łosice (7 252)
56. Łochów (6 452)
57. Przysucha (6 245)
58. Mszczonów (6 231)

59. Lipsko (5 826)
60. Iłża (5 165)
61. Łaskarzew (4 908)
62. Raciąż (4 752)
63. Pilawa (4 196)
64. Gąbin (4 137)
65. Żelechów (4 016)
66. Skaryszew (3 989)
67. Tarczyn (3 886)
68. Nowe Miasto nad Pilicą (3 832)
69. Podkowa Leśna (3 824)
70. Serock (3 721)
71. Halinów (3 369)
72. Zakroczym (3 367)
73. Glinojeck (3 052)
74. Myszyniec (3 014)
75. Drobin (2 980)
76. Kałuszyn (2 905)
77. Chorzele (2 783)
78. Wyszogród (2 772)
79. Różan (2 661)
80. Mogielnica (2 461)
81. Kosów Lacki (2 135)
82. Bieżuń (1 874)
83. Brok (1 859)
84. Mordy (1 840)
85. Wyśmierzyce (889)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Masoviske voivodskap er delt inn i 42 fylke (powiat), der det er 5 byfylke og 37 landfylke. Desse er igjen delt inn i 314 gmina eller kommunar, der 85 av desse er urbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 52°20′54″N 21°06′10″E