Masomn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Masovn)
Prinsippskisse av ein masovn

Masomn er ein sjaktomn der jernmalm blir smelta om til råjern. Masomnen var sentral på eit jernverk. Masomnen ver murt opp med tjukke steinmurar, og er som ein skorstein eller ei sjakt. Frå toppen fyller ein vekselvis jernmalm og trekol, og visse andre mineral i mindre mengder. Ved botnen av masomnen bles ein inn luft ved hjelp av blåsebelgar, og desse vart i gamal tid ofte drive av store vasshjul, slik at til dømes dei norske jarnverka gjerne låg ved elver med vatn nok til å drive vasshjula. Jernmalm og koks, i tidlegare tider oftast trekol, vert lagt inn lagvis frå toppen av omnen, med luft vert pressa inn nedanfrå, og under den høge temparaturen som vert på grunn av det glødande trekolet eller koksen, bind okygenet i arnmalmen seg til karbonet i kolet eller koksen, og reint jarn kan tappast ut frå botn av omnen. Den avgjerande kjemiske prosessen som går føre seg i masomnen er soleis ein reaksjon mellom jernoksid og karbonmonoksid.

Ein moderne masomn kan vere frå femti til hundre meter høg, og er i drift heile døgeret.

Forstavinga mas- kan koma frå tysk Mass, 'mål' eller Masse, 'metallklump'. Det er òg knytt til den romerske guden Mars, som symboliserer jern i alkymi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]