Masseeininga spann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spann kan vere eit lengdemål, sjå lengdeeininga spann, eller det kan vere ei gammal nordisk måleining for masse. Eininga blei helst brukt som mål for tørrvarer.

Ordet har opphav i norrønt spann; som i eit kar, ei bøtte, og svarer til ei halv våg eller om lag ni kilogram.[1] Vekta varierte ut frå kva og kvar ein målte. Som smørmål utgjorde eit spann 1/4 laup. Som kornmål utgjorde eit spann 36 merker i stavangerområdet. I utrekning av skatt blei eit spann nordafjells rekna som 72 merker. [2]

Spann gjekk ut av offisiell bruk i 1875 med innføringa av det metriske systemet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]