Massimo Ambrosini
Massimo Ambrosini | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 29. mai 1977 (47 år) Pesaro |
Idrett | fotball |
Tok del i | Sommar-OL 2000, EM i fotball 2000, EM i fotball 2008 |
Utmerkingar | ridder av Republikken Italias fortjenstorden |
Massimo Ambrosini (fødd 29. mai 1977) er ein tidlegare italiensk fotballspelar frå Pesaro som vann meisterligaen to gongar med AC Milan. Den taklingssterke midtbanespelaren deltok i 35 landskampar på Italia sitt landslag og vann EM-sølv i 2000.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Ambrosini debuterte i Serie B med Cesena hausten 1994. Allereie sommaren 1995 vart han overført til AC Milan og var dei neste 18 år knytt til klubben, utanom 1996/97-sesongen då han spelte på Vicenza. Med Milan vart han seriemeister tre gongar og vann den nasjonale cupen i 2003. Same året sikra han seg sin fyrste meisterliga-triumf med klubben, ein prestasjon han gjentok i 2007. I mellomtida opplevde han frå benken at laget tapte finalen i Meisterligaen 2005, ein dramatisk kamp der Milan leia 3-0 før Liverpool FC kom tilbake og vann etter straffeskyting. Han spelte sesongen 2013/14 på Fiorentina, la deretter opp.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Ambrosini debuterte på landslaget våren 1999. Han var innbytar i EM-finalen 2000, der Italia tapte på såkalla «golden goal» etter ordinær tid var ute. Åtte år seinare var han med i EM i fotball 2008, og spelte sin 35. og siste landskamp då Italia i kvartfinalen rauk ut or meisterskapen etter straffeskyting mot Spania. Han skåra aldri på landslaget.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Massimo Ambrosini» frå Wikipedia på tysk, den 11. juni 2016.